Aktuelt frå kommunen

Ærespris og stipend frå Fusa idrettsråd

T.v. mottakar av Fusa idrettsråd sitt idrettsstipend Otelie Tuft og mottakar av idrettsrådet sin ærespris Martha Kristin Tuft Soltvedt. - Klikk for stort bileteT.v. mottakar av Fusa idrettsråd sitt idrettsstipend Otelie Tuft og mottakar av idrettsrådet sin ærespris Martha Kristin Tuft Soltvedt. Erik Vangsnes  Fusa idrettsråd har tildelt Otelie Tuft idrettsstipendet for 2013. Æresprisen gjekk i år til Martha Kristin Tuft Soltvedt. Begge er medlemer i Strandvik idrettslag.

Stipend til Otelie
Fusa idrettsråd deler kvart år ut eit idrettsstipend i samarbeid med Sparebanken Vest sitt lokalkontor i Eikelandsosen. Stipendet er på 10.000 kroner og gjekk i år til 17 år gamle Otelie Tuft frå Strandvik idrettslag. Otelie er aktiv innan volleyball som både trenar og aktiv. Ho speler både på eit juniorlag i Strandvik IL og for damelaget til Søre Neset IL i Os. Ho konkurrerer i tillegg innan sandvolleyball om sommaren og har delteke i NM to gonger med gode resultat. Otelie tar seg også tid til å trena dei yngre i klubben og er ein viktig ressursperson for volleyballmiljøet.

Første til volleyballmiljøet

Styret for Fusa idrettsråd bestemmer kven som skal få dette stipendet. Tildelinga skjer etter søknad. Sjekken på kr 10.000,- vart overrekt av Godtskalk Skåtun i Sparebanken Vest, som syntes at Otelie var ein flott representant for sin idrett og ønskte henne lukke til vidare både som spelar og trenar. Det er første gang at stipendet går til ein aktiv innan volleyball. Volleyballen i Fusa har vore i sterk medvind dei siste åra og er ein populær idrett blandt barn og unge.

Ærespis til Tine

Æresprisen for 2013 gjekk til Martha Kristin Tuft Soltvedt, som dei fleste kjenner som "Tine". Tine byrja også idrettskarrieren som volleyballspelar i Strandvik idrettslag. Seinare har ho hatt ulike tillitsverv i idrettslaget og vore ei viktig eldsjel som har har gjort ein stor innsats for idrettsmiljøet i Strandvik. Æresprisen er ein diplom og eit gåvekort frå Fusa idrettsråd.

Æresprisen vart delt ut av leiar i idrettsådet Liv Nyheim Kilen som i sin tale til Tine sa at ho med sitt store engasjement var ei viktig eldsjel og eit godt førebilete. Ho er ikkje typen som går heim før jobben er gjort. Tine stiller opp og tek eit tak der det trengs, sa leiaren i idrettsrådet.

Norges idrettsforbund
Fusa idrettsråd er eit organisasjonsledd i Norges idrettsforbund (NIF) og representerer alle idrettslag i Fusa kommune som er tilslutta forbundet.

Frå venstre Liv Nyheim Kilen, Otelie Tuft, Martha Kristin Tuft Soltvedt og Godtskalk Skåtun - Klikk for stort bileteFrå venstre Liv Nyheim Kilen, Otelie Tuft, Martha Kristin Tuft Soltvedt og Godtskalk Skåtun Erik Vangsnes

Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 18.12.2013
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30