Aktuelt frå kommunen

Arealplanprogrammet klart for politisk handsaming

Utsnitt av noverande arealplan - Klikk for stort bileteUtsnitt av noverande arealplan

 

Forslaget til planprogram for arealdelen vert no lagt fram til politisk handsaming. Planprogrammet gjer greie for målet med planarbeidet, planprosessen med fristar og deltakarar, opplegg for medverknad og behov for utgreiingar. Planprogrammet skal sendast ut på høyring og leggjast ut til offentleg ettersyn. Kommunestyret vedtek om dei vil senda det på høyring i møte 7. mai 2013.  
 

Sikra god planprosess

Planprogrammet skal sikra ein god planprosess, godt samarbeid, gje informasjon om plantema og sikra at kommunen får inn synspunkt i ein tidleg fase. 

Utval for plan og miljø (UPM) vedtok i møte 21.2.2013 (sak 6/13) framdrift og organisering for arbeidet med rullering av arealdelen. Målet er at arealdelen skal vedtakast i 2015. Kommunestyret er prosjekteigar og vedtaksorgan, medan Utval for plan og miljø (UPM) er politisk styringsgruppe. Den administrative styringsgruppa består av Strategisk leiargruppe SLG (rådmann og kommunalsjef) og prosjektleiar.

Medverknad

No er heile planprogrammet ferdig utarbeidd etter både politisk og administrativ medverknad. Det har vore skipa til to temamøte for kommunestyret med gruppearbeid 23.2.2012 og 6.2.2013. Her fekk kommunestyret koma med framlegg til plantema. I tillegg drøfta UPM plantema i sitt møte 21.2.2013. Føringane frå samfunnsdelen av kommuneplanen, der det var brei medverknad, er òg innarbeidde i planprogrammet.

Tverrfagleg samarbeid

På administrativt hald har det vore arbeidd tverrfagleg i ei prosjektgruppe sett saman av arealplanleggjar og prosjektleiar Helle H. Bruland, konstituert fagleiar for plan og byggesak Inge Kaldestad og rådgjevar Ella Marie Brekke Vangsnes, som var prosjektleiar for samfunnsdelen. I tillegg har ei fagleg ressursgruppe med representantar for kultur, landbruk, Gis, byggesak, folkehelsekoordinator og barn og unge sin representant kome med innspel til arbeidet med planprogram.

Ambisiøs tidsplan

Rådmannen understrekar at Fusa kommune har sett seg ambisiøse mål om å vedta rullert arealplan i 2015, og rår til at planprogrammet vert sendt ut på høyring og lagt ut til offentleg ettersyn. Tilrådd høyringsfrist er sett til 15.07.2013.

Forslaget til planprogram skal drøftast av Ungdomsrådet (PDF, 2 MB) og Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne (PDF, 2 MB) 23. april og Utval for plan og miljø (PDF, 4 MB) 25. april før kommunestyret fattar vedtak 7. mai.

Menypunkt arealplan

Følg den vidare prosessen under menypunktet Lokaldemokrati > Arealplan.

 

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 19.04.2013
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30