KU og ROS
Asplan Viak har konsekvensutgreidd om lag 100 innspel, som Utval for plan og miljø (UPM) i juni 2014 valde å ta med vidare i planprosessen. Ei konsekvensutgreiing (KU) er ei kartlegging av kva konsekvensar endra arealbruk får for miljø og samfunn. Det er utarbeidd KU og risiko- og sårbarheitsanalyse (ROS) av alle føreslåtte potensielle nye byggeområde i Fusa. Dette omfattar bustader, fritidsbustader, nærings- og industriareal, naustområde og sentrumsområde.
Arbeidsmøte 3. mars
På bakgrunn av resultata i KU og ROS vert det på nytt ei prioritering av kva som skal inn i det endelege plankartet. UPM skal gå gjennom tilrådingane på eit arbeidsmøte 3. mars. Arbeidet med å laga planomtale, føresegner og retningslinjer er òg i gang. Dette vert òg tema på arbeidsmøtet.
Ny framdriftsplan
Konsekvensutgreiinga har teke noko lenger tid enn planlagd, og på grunn av desse forseinkingane, er framdrifta for resten av arealplanprosessen forskyvd.
-
23. april skal UPM handsama planframlegget (kart, føresegner, retningslinjer og planomtale)
-
7. mai er det Kommunestyret sin tur til å handsama planframlegget før det vert lagt ut på høyring og offentleg ettersyn.
-
Målet er å leggja arealplanen ut på høyring i mai-juni 2015. Høyringsfristen skal vera minimum seks veker.
-
Administrativ handsaming av evt. høyringsuttalar.
-
Eigengodkjenning av kommunestyret 15. oktober.
Det sitjande kommunestyret har som mål å vedta arealplanen i sitt siste møte hausten 2015.