Hastar
Dagsenterdrifta har i lengre tid gått føre seg i mellombelse lokale som er langt frå optimale. Det hastar difor med å finna løysingar som gjer at brukarane kjem inn i permanente, tenlege lokale. Rådmannen rår til at ASVO Fusa står som eigar av lokala, medan Fusa kommune leiger det nødvendige arealet til den nye dagavdelinga.
Nybygg
For å få til samlokalisering i ASVO sine lokale, må desse lokala utbetrast og utvidast. Den raskaste og rimelegaste måten å få areal til dagavdeling på plass, er ved å velja prefabrikert modulbygg. ASVO Fusa har innhenta skisse på korleis bygget kan utformast ut frå dei arealkrava som vart stilt i fjor. Skissa er ein illustrasjon (PDF, 425 kB) på om lag korleis dette kan verta sjåande ut.
Driftsmodell
Skal Fusa kommune driva tenesta med eige personale, tilsett på kommunale vilkår? Eller skal kommunen kjøpa heile tenesta? Det må takast omsyn til kostnader, at tilbodet til brukarane skal vera fleksibelt og individuelt tilpassa, omsynet til effektiv drift og målet om å unngå uønskt deltid. Rådmannen tilrår difor å velja kommunal drift, og flytta noverande personale over i det nye dagsenteret.
Samarbeidsavtale
Neste steg på vegen mot nytt, samlokalisert arbeids- og aktivitetstilbod for utviklingshemma er å laga ferdig framlegg til avtale mellom Fusa kommune og ASVO Fusa.