Aktuelt frå kommunen

Arabisk kultur på språkkafeen

Sahar Muhaisen og Guro Gjuvsland - Klikk for stort bilete

Det blir arabisk kulturprogram med Guro Gjuvsland og Sahar Muhaisen på Språkkafeen tysdag 24. april kl 16-18. Arrangementet er ope for alle interesserte og det er gratis inngang. 

Fusa-kvinna Guro Gjuvsland, som dei siste åra har budd i Libanon, står for programmet saman med veninna Sahar Muhaisen som er palestinar, busett i Bergen. Programmet deira består av dikt og musikk frå den arabiske verda sin populærkultur. 

Samarbeid i Bergen og Beirut

For norske øyre er dette framande tonar. For dei som har måtta flykta frå heimlandet er det sterk kost møta den kjende og kjære kvardagsmusikken og den heimlege populærmusikken. Musikken som tonar frå radioen ved frukostbordet eller som vert sunge til borna ved sengekanten. Det er òg spesielt at det er ei jente frå Fusa som står for denne formidlinga, på flytande arabisk.
 
Guro og Sahar har tidlegare samarbeidd om kulturprogram både i Bergen og Beirut. Vi reknar med at stemninga kjem til å stå i taket og at det kan bli både allsang og spontane innslag frå publikum, slik som sist dei vitja Fusa hausten 2017. 


Eksotiske smakar

Språkkafeen som er kvar 14 dag i oddetalsveker, er stadig ein suksess med 30-50  som møter kvar gong, både gamle og nye fusingar. Her kan du få eit enkelt måltid med eksotiske smakar og du kan møta nye kjende som treng nokon å snakka norsk med. Det er gratis inngang og ope for alle.Språkkafeen held hus i dagsenterlokala til Fusa kommune på Leiro. Dei ligg i bygget som hyser Fusa vidaregåande skule.

 
 
 
Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 23.04.2018
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30