Aktuelt frå kommunen

Anne Martinsen ny styreleiar i Friluftsrådet

Anne Martinsen er ny styreleiar i BOF - Klikk for stort bileteAnne Martinsen er ny styreleiar i BOF Erik Vangsnes Fusa har fått leiaren Bergen og omland friluftsråd (BOF). På årsmøtet 4. april vart Anne Martinsen vald til ny styreleiar. Martinsen er rektor ved Hålandsdalen leirskole og mangeårig lokalpolitikar i Fusa. 

Interkommunalt samarbeid

BOF er eit interkommunalt samarbeidsorgan som vart etablert i 1937. Følgjande kommunar er medlemer: Askøy, Austevoll, Austrheim, Bergen, Fjell, Fusa, Lindås, Meland, Os, Radøy, Sund, Tysnes, Samnanger, Vaksdal og Øygarden.

Friluftsrådet har som oppgåve å sikra, tilretteleggja, informera og stå for dagleg drift av bade- og friluftsområde i Bergensregionen. Det forvaltar nærare 200 friluftsområde med eit samla areal på meir enn 23 000 dekar. I Fusa har BOF ansvar for friluftsområda Hagafjøra, Skjelavikjo og Fusaneset.

Friluftsrådet vert leia av eit styre med representantar frå medlemskommunane.

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 17.04.2013
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30