Aktuelt frå kommunen

Anders Mol med nytt EM-gull

Anders Mol og Christian Sandlie Sørum vann U-22 i EM - Klikk for stort bilete

19 år gamle Anders Mol frå Fusa vart i helga europameister i sandvolleyball for U-22-lag. Denne gangen saman med Christian Sandlie Sørum. Meisterskapen gjekk i Hellas. Fusa kommune gratulerer!

Dette er Anders sitt andre EM-gull i 2016. Før i år vann han også gull i klasse U-20. Den mesterskapen gjekk i Tyrkia. 4. plass i klasse U-21 i VM var også ein sterk prestasjon denne sesongen, tillegg til den sensasjonelle 5. plassen i seniorturneringa i Klagenfurt i Austerrike, sandvolleyballsporten sitt svar på Wimbeldon i tennis. 

Fusa kommune gratulerer Anders så mykje med ein fantastisk sesong som sandvolleyballspelar og 
ønskjer lukke til med vidare satsing.

Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 01.09.2016
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30