Aktuelt frå kommunen

Alkovett på båtturen

Planlegg for godt alkovett og sjøvett - Klikk for stort bilete Av-og-Til Bølgjeskvulp, måkeskrik, dempa motordur, flau vind og lukta av varm solkrem og nye baderingar til ungane. Sommaren og båtlivet er godt i gang. Vi har ei klar oppfordring som du kan ta med på båtturen: Planlegg for godt alkovett og sjøvett.

Fusa er ein AV-OG-TIL-kommune og jobbar for å bli kvitt dei unødvendige båtulukkene som kjem av promillekøyring. Vi støttar kampanjen "Klar for sjøen" i sosiale medium.

«Det kan vera utfordrande å føra ein båt. Når ein drikk alkohol, blir utfordringane større – og nokre gonger uoverkommelege. Sjøvett og alkovett heng tett saman», seier Randi Hagen Eriksrud, generalsekretær i alkovettorganisasjonen AV-OG-TIL og Klar for sjøen-samarbeidet, der mellom anna Redningsselskapet, politiet og ulike båtforeiningar er med.

Klar for sjøen?

Nordmenn elskar båt- og badeliv. Det finst over 900 000 fritidsbåtar i Noreg, og vi brukar dei gjerne heile sommaren. Ikkje rart at vi er opptekne av korleis vêret skal bli i morgon, for det er ikkje noko kjekt dersom det skiftar raskt når ein er på sjøen. Men det er ikkje berre bølgjer som kan vera ei utfordring. Båtføraren må òg kunna lesa kart og merking, vita kva han skal gjera ved motorstopp, klara å leggja til ved holmar og kjenna vikepliktsreglane. 

I minst kvart femte dødsfall i samband med bruk av fritidsbåt er det alkohol og ruspåverknad involvert. Det er påvist at sjølv låg promille (under promillegrensa på 0,8) påverkar oss i ein slik grad at vi blir dårlegare båtførarar. Konsentrasjonsevna blir redusert, og dermed òg reaksjonsevna. Vi blir meir risikovillige.

Det er viktig å vera klar i hovudet når du skal føra båt. Sjå ein inspirasjonsfilm om det her!

Enkle tips til godt alkovett og sjøvett

Ved å ta nokre enkle forholdsreglar når ein planlegg båtturen, er ein betre rusta og førebudd dersom noko uføresett skulle skje. Her er nokre enkle tips frå alkovettorganisasjonen AV-OG-TIL, som Fusa kommune er medlem i:

  • Vel éin båtførar som held seg edru også til heimturen når de tek båten til festival, grilling på holmar eller hyttenabobesøk.
  • Lær deg sjøvettreglane og vikepliktsreglane på sjøen.
  • Vestpåbod eller ikkje – alle bør ha vesten på under turen. Det hjelper lite å ha vesten under dekk dersom uhellet først er ute.
  • Lær deg kart og merking, så kan du trygt navigera deg fram dit du skal. Då unngår du å krenkja vernesoner, og du unngår grunner og skjer.
  • At det er pinleg å bomma på bryggja, er det minst farlege som kan skje dersom du har promille til sjøs. Vent med ankerdrammen til turen er avslutta og båten er fortøydd.
  • Når du drikk alkohol, blir dømmekrafta di svekt, og det blir vanskelegare å vurdera til dømes avstand i vatn. Du får òg lågare kroppstemperatur. Derfor er sjølv ein liten dukkert ein dårleg idé dersom du har drukke.
  • Meld frå til politiet om uvettig køyring eller ved mistanke om promillekøyring. Ring 02800.
  • Dersom du eller andre er i nød, be om hjelp på VHF, kanal 16. Alle som har VHF, har lytteplikt. Båtar i nærleiken kan komma til unnsetning. Du kan ringja Kystradioen på 120, så alarmerer dei Hovudredningssentralen. Du kan òg ringja politiets nødnummer – 112.

Meir info?

 

 

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 28.06.2018
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30