Aktuelt frå kommunen

Alkovett når det buttar imot

Skrift: AV OG TIL UTEN ALKOHOL - Lokalt. Ein liten grøn blom med eitt raudt kronblad. Logo. - Klikk for stort bilete

Nokre gonger er livet kjipt. Alkohol kan verka som eit enkelt val når ein ønskjer å slappa av og gløyma problema. Alkoholen gir kanskje ei kortvarig betring, men på lengre sikt kan han forlengja eller forverra dei vanskelege tidene. Vi ønskjer å minna om at det er lurt å finna glede i noko anna enn alkohol.

Ein vanleg strategi

Vi møter alle utfordringar og motgang i livet. Vi blir skilde, vi mistar jobben, nokon vi er glade i blir sjuke, vi blir stressa, eller vi føler at presset blir for stort. Å ty til alkohol når det buttar imot, er ein vanleg strategi, men alkohol kan forsterka dei vanskelege kjenslene vi prøver å komme unna. Alkohol kan vera med på å bruka opp dei kreftene vi treng for å jobba oss ut av ein krevjande situasjon.

Å snakka om det

For nokon kan det vera starten på ein karusell som ikkje stoppar av seg sjølv – eit eskalerande alkoholforbruk som kan føra til avhengigheit og alkoholproblem.

Av og til  - Artikkelbilde_60-årig_mann_.jpg - Klikk for stort bilete

Å snakka om det vanskelege, finna noko å gle seg over

Det er lurt å finna andre måtar å jobba med eller ta pause frå utfordringa du står oppi. Snakk med nokon du har tillit til, set ord på det du opplever. Kontakt fastlegen din, RUS-telefonen eller helsesøster. Det er viktig at du hugsar å finna noko å gle deg over. Gjer noko kvar dag som gir glede – smått eller stort.

Vis at du bryr deg

Kva gjer du dersom du kjenner nokon som slit? Snakk med personen det gjeld, fortel at du er uroleg på grunn av drikkinga hans eller hennar. Vis at du bryr deg. I staden for å invitera til eit glas vin ein kveld kan du foreslå at de kan gjere noko saman, noko du veit at vedkomande likar. De kan til dømes spela fotball, gå på ei utstilling, ta ein tur i skogen – eller noko heilt anna.

Det er menneskeleg å ha det vanskeleg. Alkovett er å ikkje fylla på med meir når det alt er litt for mykje.

Av og til - 2D_Hjemmeside_illustrasjon_uten_tekst_500x368_tattoodame.jpg - Klikk for stort bilete

Fusa ein AV-OG-TIL-kommune

Vi er ein AV-OG-TIL-kommune og samarbeider med AV-OG-TIL om alkovett og det å vere bevisst på skadeleg alkoholbruk. På heimesidene til AV-OG-TIL kan du lesa meir om desse tema:

Publisert av Heidi Chatrine Bergesen. Sist endra 25.10.2017
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30