Aktuelt frå kommunen

Alkovett hjå båtførarane i Fusa

Stilisert teikning av fronten på ein båt sett ovanfrå, med redningsbøye og teksten Klar i hodet. Klar for sjøen. Teikning. - Klikk for stort bilete

Fusa kommune er ein AV-OG-TIL-kommune, og i sommar er vi med på Klar for sjøen-kampanjen. Målet er ein trygg og flott sommar på sjøen utan promillerelaterte ulukker og dødsfall. 

Trygg på sjøen
 
"Å vera AV-OG-TIL-kommune inneber at vi prøver å førebyggja alkoholbruk som kan føra til skade eller gjera innbyggjarane våre utrygge," fortel Synne Stagrim Håve, som er AV-OG-TIL-koordinator i Fusa. Ho peikar på at vi har flotte fjordområde og innsjøar som blir brukt av mange til rekreasjon, ferie og fritidsaktivitetar. På sjøen er det alt frå små kajakkar og raske småbåtar til seglbåtar og store fritidsbåtar. Det yrande båtlivet krev at alle viser sjøvett, tek omsyn til kvarandre og er årvakne.
 
"For at båtførarar skal unngå å setja seg sjølve og andre i farlege situasjonar, oppmodar vi dei om å vera heilt edrue til båten er fortøydd," seier Synne Stagrim Håve, og tilrår å velja éin førar som held seg edru også til heimturen når de tek båten med på festival, på ein kveldstur eller for å besøkja hyttenaboen.
 
Klar for sjøen-samarbeid
 
Fusa kommune er med på Klar for sjøen-kampanjen, som er eit samarbeid mellom AV-OG-TIL, politiet, sjøtryggleiks- og båtinteresseorganisasjonar og redningsorganisasjonar. Alle jobbar saman for å redusera promillerelaterte ulukker og dødsfall i samband med bruk av fritidsbåt.
 
Les meir om alkovett på sjøen på nettsidene til AV-OG-TIL.
 
Fusa kommune ønskjer alle ein trygg og flott sommar på sjøen!
 
 
Illustrasjon med tekst: Overlevelsestid i vann. Uten redningsvest: 10 grader - ca 1 time, 15 grader - ca 1,5 time. Med redningsvest: 10 grader - ca 2 timer, 15 grader - ca 3 timer. Ved bruk av alkohol halveres tiden.  - Klikk for stort bilete
Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 17.06.2015
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30