Aktuelt frå kommunen

Alkoholbruk påverkar helsa di

Illustrasjonsfoto. - Klikk for stort bilete

Visste du at høgt alkoholforbruk aukar risikoen for høgt blodtrykk, hjerneslag, magekatarr, sur mage, hudsjukdommar, beinskøyrheit, gikt og kreft? spør Synne S. Håve, som er koordinator for AV-OG-TIL i Fusa.

AV-OG-TIL-kommune

Fusa er ein AV-OG-TIL-kommune. Det er vedteke i Rusmiddelpolitisk handlingsplan (PDF, 19 MB). AV-OG-TIL er ein landsdekkande organisasjon som arbeider for godt alkoholvett i kvardagen.

Samanhengar mellom alkohol og helse

Alkohol er det vanlegaste rusmiddelet i vår kultur, men kan vera skadeleg for mange av organa i kroppen og kan føra til at ein vert avhengig. Det er forska mykje på korleis alkohol påverkar fysisk og mental helse, og medisinsk forsking finn stadig fleire samanhengar mellom alkoholbruk og ulike alvorlege sjukdommar, fortel AV-OG-TIL-koordinatoren.

Eit høgt og langvarig alkoholinntak krympar hjernen og du kan verta ramma av epileptiske anfall, demens og andre hjernesjukdommar. 

Risikoen for skadar på ei rekkje indre organ er auka ved dagleg inntak av tre alkoholeiningar, t.d. tre små glas vin kvar dag. Inntak tilsvarande eitt til to små glas vin per dag, aukar risikoen for enkelte kreftformer både hjå kvinner og menn.
 

Alkohol og kreft

Forsking viser at sjølv eit lågt alkoholforbruk aukar risikoen for brystkreft, strupekreft, spiserørskreft, tjukktarmskreft/endetarmskreft, leverkreft, kreft i munnhola og i svelget. Det er ingen skilnad på risikoen ut frå kva type alkohol ein drikk. Det er nedbrytinga av alkoholen (etanol) som kan vera skadeleg.

Drikkemønster har òg lite å seia, då det er kor mykje ein drikk totalt som påverkar kreftrisikoen. Det er ikkje slått fast noko sikker nedre grense for alkoholbruk som ikkje aukar kreftfaren. Det er imidlertid godt dokumentert at for kvart ekstra glas du drikk, aukar risikoen.

Det er rekna ut at 10 prosent av kreftsjukdommar hjå menn og 3 prosent hjå kvinner i Europa skuldast alkohol.

Kvar går grensa?

Dersom du ønskjer å drikka alkohol, er det lurt å ha eit lågt forbruk, både med tanke på kreftrisiko og for god helse generelt, understrekar Synne S. Håve og viser til verdas helseorganisasjon (WHO) sine anbefalingar om forbruk på AV-OG-TIL sine nettsider. Det er ikkje slik at alle toler like mykje, og det er viktig å hugsa på at kvinner toler mindre enn menn.

For gravide finst det ingen sikre nedre grenser for alkoholbruk, sjølv små mengder alkohol kan skada fosteret.

Kjenner du nokon som slit? 

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 09.03.2016
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30