Aktuelt frå kommunen
Militær eksersis på Engevik gaard
Militær eksersis på Engevik gaard
Full konsentrasjon på krokettparti 1 | Fotograf: Kari K. Hjartnes
Eit perfekt førsteslag på dagens første krokettparti fotograf Kari K. Hjartnes
Eigar Lars Johan Ditmarsen viser elevane rundt i hovudbygningen | Fotograf: Kari K. Hjartnes
Eigar Lars Johan Ditmarsen viser rundt i hovudhuset på Engevik gaard fotograf Kari K. Hjartnes

Aktivitetsdag på Engevik gaard

Fredag 11. mai var alle 6. klassingane i Fusa samla til aktivitetsdag på den gamle offisersgarden frå 1700-talet. Militær eksersis var sjølvsagt del av programmet. Aktivitetsdagen var ein del av det lokalhistoriske undervisningsopplegget "Fusanisto".

Dansketid og handelsstad

Vertskapet Anne og Lars Johan Ditmarsen tok imot over 70 sjetteklassingar i lett regnvêr på Engevik gaard. I sjøbua fekk elevane ei innføring i tema for dagen ved Ella Marie B. Vangsnes: Dansketida i Fusa, offisersgarden Engevik på 1700-talet og framveksten av handelsstaden Engevikhavn på 1800-talet.

Lars Johan Ditmarsen tok elevane med på ein runde rundt i nokre av husa på garden. Det fint restaurerte hovudhuset var eit høgdepunkt saman med den spennande smia.


Militær eksersis og krokett

Engevik gaard var militær sjefsgard knytt til det Bergenhusiske regiment i over 100 år. Heimevernet overtok det teritorielle ansvaret og rekrutteringsområdet i 2006, slik at Bergenhus regiment i dag er vidareført m.a. av Bergenhus Heimevernsdistrikt 09. Difor var den erfarne heimevernsmannen Arne Hjartnes hyrt inn som instruktør for å læra sjetteklassingane litt militær eksersis. Han var riktig nøgd med elevane sine.

Gamle foto syner pensjonatgjester på Engevikhavn som spelar krokett i hagen. Fredag fekk fusaelevane prøva seg på dette spelet - rett nok iført regnbukse og støvlar i staden for stråhatt og lange kjolar.


Handelsstaden

Sveinung Norheim var guide på vandringa gjennom skogen på den gamle promenadevegen til Engevikhavn. Her fekk elevane høyra både om handelsstaden og pensjonatdrifta, i tillegg til spennande historier frå folkemunne. Og på vegen fekk dei sjå både jettegryter og historiske bygningar.


Snarvegar:

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 15.05.2012
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30