Aktuelt frå kommunen
Fornøgde husbyggjarar frå Fusa og Strandvik oppvekstsenter | Fotograf: Synnøve Ellingsen
Fornøgde husbyggjarar frå Fusa og Strandvik oppvekstsenter fotograf Synnøve Ellingsen

Aktivitetsdag i Eidegrend klyngjetun

Den siste augustdagen i år la 6. klassingane i Fusa ut på ei reise i tid og rom - tilbake til "gamledagar" på Eidegrend klyngjetun i Hålandsdalen. I sol og finevêr fekk dei læra litt om livet i eit klyngjetun, byggeskikk og Eide si tid som kommunesenter.  

Aktivitetsdagen er del av "Fusanisto" - det lokalhistoriske undervisningsopplegget for grunnskulen i Fusa.


Baking, toving og husbygging

Margun Eide og dei gode hjelparane hennar viste rundt i tunet og rettleidde elevane i lefsebaking og toving. Dei fekk òg prøva seg på dugnadsarbeid: Å lafta eit stovehus og byggja ei grindverksløe - i form av modellbyggesett laga av Johannes Ryland. På oppdagingsferd i klyngjetunet skulle dei finna fram til ulike taktypar, og prøva å finna ut kor mange av dei opphavlege husa som var tekne vare på.


Frå klyngjetunet til "Støo"

Gjennom ein kultursti med 10 postar fekk elevar og lærarar med seg ei kulturhistorisk vandring frå brevhuset og folkebiblioteket i Eidegrend klyngjetun, forbi telefonstasjon og likningskontor, via Hålandsdalen kyrkje til båtstøa, landhandelen, kommunestyresalen og jordmorbustaden i Eidestøa.


Leirskule og fornminne

"Fusanisto" held fram med ei veke på Hålandsdalen leirskole for alle 7. klassingane i Fusa denne veka. Seinare på hausten er det 4. og 5. klassingane sin tur: Dei skal ha fornminnedagar på Samnøy og i Strandvik.

Sjå også:

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 04.09.2012
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30