Aktuelt frå kommunen

Aktivitetsdag i Eidegrend klyngjetun

Aktivitetsdag Eidegrend 2016-4, lefsebaking i eldhuset - Klikk for stort bilete Martin Haugen Den siste augustfredagen la dei 51 sjetteklassingane i Fusa ut på ei reise i tid og rom - tilbake til "gamledagar" i Eidegrend klyngjetun i Hålandsdalen. Trass i regn og torevêr, var det ingen sure miner. Elevane fekk læra om livet i eit klyngjetun, byggeskikk og Eide si tid som kommunesenter.

Margun og dei gode hjelparane

Vertinna i klyngjetunet, Margun Eide, og dei gode hjelparane hennar Camilla Aarseth, Astrid Rød og Ingrid Brekke viste rundt i tunet og rettleidde elevane i lefsebaking og toving. Dei fekk òg prøva seg på dugnadsarbeid: Å lafta eit stovehus og byggja ei grindverksløe - i form av modellbyggesett.

Frå klyngjetunet til "Støo"

Gjennom ein kultursti med 10 postar fekk elevar og lærarar med seg ei kulturhistorisk vandring frå brevhuset og folkebiblioteket i Eidegrend klyngjetun, forbi telefonstasjon og likningskontor, via Hålandsdalen kyrkje til båtstøa, landhandelen, kommunestyresalen og jordmorbustaden i Eidestøa.

Leirskule og fornminne

Aktivitetsdagen er del av det kulturhistoriske undervisningsopplegget for fusaskulane "Fusanisto". "Fusanisto" held fram med fornminnedagar på Samnøy og i Strandvik for 4. og 5. klassingane i neste veke og ei heil veke på Hålandsdalen leirskole for alle 7. klassingane i Fusa i slutten av september.

 

Fotograf: Ella Marie Brekke Vangsnes Fotograf: Ella Marie Brekke Vangsnes Fotograf: Martin Haugen Fotograf: Martin Haugen Fotograf: Martin Haugen Fotograf: Martin Haugen

 

 

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 01.09.2016
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30