Aktuelt frå kommunen

Aktive dagar på sommar-SFO

Sommar-SFO 2018 på tur til Fløyen - Klikk for stort bileteSommar-SFO 2018 på tur til Fløyen Linda Ann Lohne Ein fin liten gjeng har vore med på Sommar-SFO i regi av Fusa kommune. Dei har vore på tur både til sjøen, fjellet og byen og kosa seg i nærområdet til Fusa skule.

SFO-leiar ved Fusa skule og for Sommar-SFO, Linda Ann Lohne fortel at dei har vore i Vinnesholmen og bada og helst på sauane. Ho skryter av flinke barn som gjekk til topps på Bogafjellet og fekk flott utsikt i belønning.

Leik og aktivitetar som bollebaking og fotball på skulen og i nærområdet stod òg på programmet. Ein dag var dei på bytur. Der besøkte dei aktivitetsparken på Fløyen. "Det var veldig populært," fortel Lohne. 

Fotograf: Linda Ann Lohne Fotograf: Linda Ann Lohne Fotograf: Linda Ann Lohne Fotograf: Linda Ann Lohne Fotograf: Linda Ann Lohne Fotograf: Linda Ann Lohne Fotograf: Linda Ann Lohne Fotograf: Linda Ann Lohne
Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 05.07.2018
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30