Aktuelt frå kommunen

Aktiv haustferie i Fusa

Aktiv haustferie - Klikk for stort bilete

Ungdom i Fusa har fått eit eineståande tilbod om aktivitet i haustferien. Det blir både ein dagstur til Voss søndag 7. oktober med både rafting og klatring og ein hyttetur dei tre neste dagane med ulike friluftsaktivitetar. Skulle véret bli dårleg vert det alternative opplegg. Målgruppa er ungdom i alderen 13 til 20 år.

Det kan bli ein pangstart på haustferien. Søndag 7. oktober blir det rafting og klatrepark, inklusive zipline, og varm lunsj. Det blir aktivitet frå kl 10 til 19 30 på Voss denne dagen. Alt dette inklusive transport tur-retur Fusa for berre kr 100 i eigendel. Ein rafter med våtdrakt (leige av drakt er inkludert), så denne turen er uavhengig av været.

Måndag 8. til onsdag 10. oktober blir det hyttetur for interesserte som er mellom 13 og 20 år. Hytta ligg ved eit godt fiskevatn, der vi kan fiska og padla kano. Det er flatt terreng og tek ca tre timar å gå til hytta.

Styggevérsalternativ

Dersom det ikkje er fint nok vær til hyttetur på fjellet den 8.-10. oktober, vil det bli aktivitetar på dagtid utan overnatting. Været bestemmer kva type aktivitet vi skal ha. Stikkord: Kajakk, trampolinepark, Vannkanten, båttur, fjelltur, sykkeltur.  Det kostar kr 150 å vera med desse tre dagane. Prisen inkluderer alle utgifter, slik som aktivitetar, reise og mat.

Det er plass til 15 deltakarar, så her er det lurt å vera snar til å melda seg på! 

Påmelding
Bindande påmelding til:  ovredalvidar@gmail.com eller telefon  411 205 26. Ver tydeleg på om du melder deg på berre den 7. oktober, på opplegget 8.-10.oktober, eller alle fire dagane! Dei som melder seg på vil få meir detaljert informasjon.

Dersom det er foreldre som ønskjer å vera med og hjelpa til, så ta kontakt!

Arrangør: Nær sjøen, v/Vidar Øvredal i samarbeid med Fusa kommune

 

 

 

 

Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 02.10.2018
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30