Aktuelt frå kommunen

Aktiv haustferie i biblioteket

Askeladden friteater 2 - Klikk for stort bilete

Onsdag 10. oktober kl 18 er det barneteater i biblioteket, Eikelandsosen, med stykket Askeladden og dei gode hjelparane. Det er høgtlesing for born måndag til onsdag og verkstadsaktivitetar torsdag i haustferien.

Askeladden friteteater

Onsdag 10.10. kl 18 er det gjensyn med Askeladden friteater som denne gongen speler stykket "Askeladden og de gode hjelperne" i Fusa folkebibliotek. Stykket skal passar for alle som likar eventyr. Det er inngang kr 100,- per familie og programmet varer ca 40 minutt.

Høgtlesingsstund

Biblioteket har meir på lager i haustferien. Tysdag 9. oktober kl 11.00-11.30 har bibilioteksjef Trine Helene Rikheim høgtlesing for 3-6-åringar. Onsdag er det i same tidsrom lesestund for 1.-4. klassingar. Torsdag er det ulike verkstadsaktivitetar i biblioteket for alle born mellom kl 12-15.

Om barnehagar eller SFO ønskjer å vera med på høgtlesingsstund eller verkstadsaktivitet i haustferien er det fint om de melder frå til bibliotek@fusa.kommune.no.
 

Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 08.10.2018
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30