Aktuelt frå kommunen

Aktiv ferie for ungdom

Aktiv ferie - Klikk for stort bilete

Ungdom i Fusa i alderen 13 til 17 år får eit nytt ferietilbod med aktivitetar både i sommarferien og i haustferien. Her kan du vera med på kjekke friluftsaktivitetar i lag med andre og få med deg mange spennande opplevingar. Utvida påmeldingsfrist er 10. juli.

Aktiv ferie Aktiv ferie Aktiv ferie Aktiv ferie Aktiv ferie Aktiv ferie Aktiv ferie Aktiv ferie Aktiv ferie Aktiv ferie

Det er Vidar Øvredal som står bak tiltaket gjennom firmaet Aktiv ferie. Vidar Øvredal har mange års erfaring innan friluftsaktivitetar. Han har jobba både som lærar i vanleg skule og på leirskule. Siste åra har han laga til sommarleirar for barn i samarbeid med Bergen- og omland friluftsråd. 

To periodar

Ferietilbodet i Fusa er retta mot ungdom i alderen 13 til 17 år og vil gå over to periodar: Først 12.-14. august og så i delar av haustferien 7.-10. oktober. Det er mogleg å vera med berre ein av periodane. Eigenbetalinga er kroner 150 for heile leiren 12.-14. august. og kroner 200 for haustleiren 7.-10. oktober. Då er alle kostnader både til reiser, mat, overnatting og aktivitetar dekka.

I august er planen å sykla på Rallarvegen (Hardangervidda) eller å gå i fjellet i Stølsheimen.  Blir været dårleg blir det i staden dagsopplegg i Fusa, Os eller Bergen. I haustferien blir det base på Vinnesholmen med ulike aktivitetar. 

Ulike alternativ

Veret er med og bestemmer kva aktivitetar som passar når. Aktuelle fjellturar og dagsaktivitetar er:

Alternativ 1: Ta toget til Finse. Sykla Rallarvegen med leigesyklar frå Finse (1222 m.o.h.) til Hallingsskeid. Overnatta der. Sykkeltur vidare nedover til Ungdomsherberget på Mjølfjell, der dei har eit stort, oppvarma utandørs basseng.

Alternativ 2: Bil til Steinslandsvatn i Modalen. Padla i kano over Steinslandsvatnet og Solrenningsvatnet. Dersom det er for mykje vind til å padla, går turen til fots i det flate terrenget. Overnatting to netter i Solrenningshytta (650 m.o.h.) med moglegheit til å fiska like ved hytta.

Dersom veret er dårleg 12.-14. august, blir det ikkje fjelltur. Då vert det aktivitetar i Fusa, Os og Bergen. 

Kjekke aktivitetar

Her er eksempel på aktivitetar ved dårleg ver 12.-14. august eller i haustferien:

  • Klatreparken «Høyt og lavt»
  • Båtutfluktar med hurtiggåande båt og eller seglskøyte til eit spennande turmål
  • Padling i kajakk eller kano
  • Sykkeltur
  • Bading, tubekøyring i slep etter båt, rappellering, klatring, fotball, volleyball, tennis, freesbe, grilling på bål
  • Fjelltur
  • Bytur med mange aktivitetsmoglegheiter som utandørsbassenget på Nordnes, Stolzekleiva, Akvariet eller vitenskapssenteret «Vil vite».
  • Rafting
  • Brevandring på Folgefonna
  • Sykkel-/kanotur til Raudlistova på Os

Det viktigaste er at du blir med og at vi har det gøy saman! Vidar har mykje utstyr og vil laga liste over kva du treng å ha med sjølv. Manglar du utstyr, vil han hjelpa til med det du treng. 

Påmelding

Påmelding innan 5. juli til ovredalvidar@gmail.com eller telefon 411 20 526. Ta også kontakt dersom du har spørsmål!

Fusa kommune si rolle

Aktiv ferie har fått tilskot frå Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet til gjennomføring av opplegget. Fusa kommune har teke på seg rolla som knutepunktsfunksjon i formidlinga av dei statlege tilskota. Eit anna tiltak i Fusa som har fått tilskot frå dei sokalla "barnefattigdomsmidlane" i 2018, er Fusa frivilligsentral sin sommarklubb for born som er i veke 26 og 27.

 
 
Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 06.07.2018
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30