Aktuelt frå kommunen

Aksjon bustadbrann 2016

Stearinlys - Klikk for stort bilete

Fusa kraftlag og Fusa kommune/brann og redning har stand på Fjord'n senter i Eikelandsosen torsdag 1.12. og på Joker Revnestranden på Baldersheim tysdag 6.12., begge dagar kl 10-13. Ta turen innom for å få informasjon om brann- og eltryggleik i heimen.

Samarbeidsaksjon

Desember er den månaden i året der det er flest bustadbrannar i Noreg. Difor går startskotet for den årlege "Aksjon boligbrann" 1. desember. Målet er å setja søkelys på branntryggleik i heimane. Aksjonen er eit samarbeid mellom Direktoratet for samfunnssikkerheit og beredskap (DSB), Norsk brannvernforening og Gjensidige Forsikring. Lokale brann- og feiarvesen og el-tilsyn over heile landet står for den praktiske gjennomføringa.

Stand på røykvarslardagen

På 1. desember, "Røykvarslerens dag", er det fokus på at det er tid for å byta batteri og testa røykvarslarane rundt om i heimane. I Fusa kan publikum møta representantar for brann- og feiarvesenet og det lokale el-tilsynet (Fusa Kraftlag) på stand på Fjord'n senter i Eikelandsosen torsdag 1.12. og på Joker Revnestranden på Baldersheim tysdag 6.12. Du får òg med deg ein brannvernkalender for 2017. "Vi håpar mange kjem innom standen vår for å ta ein prat om brann og elsikkerheit," seier brannsjef Gunnar Hatlelid.

Obs obs i desember

Bruk av levande lys og peiskos i den kalde og mørke årstida, og auka bruk av elektrisitet og elektrisk utstyr, kanskje i kombinasjon med alkohol, er dei vanlegaste brannårsakene i desember. "Det er viktig å tenkja brannsikkerheit, sjølv om ein hyggjer seg," understrekar brannsjefen. 

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 28.11.2016
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30