Aktuelt frå kommunen

Aksjon bustadbrann 2015

Brennande stearinlys i mørkne. Foto - Klikk for stort bilete

Fusa kraftlag og Fusa kommune - brann og redning har stand på Fusatun i dag tirsdag 1. desember kl 10-13 for å markera starten på "Aksjon boligbrann". Ta turen innom for å få informasjon om brann- og eltryggleik. Det er òg tilbod om bustadkontroll.

Samarbeidsaksjon

Desember er den månaden i året der det er flest bustadbrannar i Noreg. Difor går startskotet for den årlege "Aksjon boligbrann" 1. desember. Målet er å setja søkelys på branntryggleik i heimane. Aksjonen er eit samarbeid mellom Direktoratet for samfunnssikkerheit og beredskap (DSB), Norsk brannvernforening og Gjensidige Forsikring. Lokale brann- og feiarvesen og el-tilsyn over heile landet står for den praktiske gjennomføringa.

Stand på røykvarslardagen

På 1. desember, "Røykvarslerens dag", er det fokus på at det er tid for å byta batteri og testa røykvarslarane rundt om i heimane. I Fusa kan publikum møta representantar for brann- og feiarvesenet og det lokale el-tilsynet (Fusa Kraftlag) på stand på Fusatun på måndag. Du får òg med deg ein brannvernkalender for 2016.

Tilbod om bustadkontroll

"Aksjon boligbrann" held fram med ein landsomfattande kontroll av branntryggleik i bustader. "2. og 3. desember vil me tilby ein uforpliktande bustadkontroll for kundar som ønskjer det. Ta kontakt med oss på telefon 56 58 00 40 eller 56 58 01 00 for avtale," oppmodar brannsjef Gunnar Hatlelid.

Obs obs i desember

Bruk av levande lys og peiskos i den kalde og mørke årstida og auka bruk av elektrisitet og elektrisk utstyr, kanskje i kombinasjon med alkohol, er dei største brannårsakene i desember. "Det er viktig å tenkja brannsikkerheit, sjølv om ein hyggjer seg," understrekar brannsjefen. 

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 01.12.2015
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30