Aktuelt frå kommunen

Aksel (halvvegs) i 100!

 Aksel Henning Holdhus - Klikk for stort bileteAksel Henning Holdhus Privat

 

Aksel Henning Holdhus rundar respektable 50 år i desse dagar og inviterer til musikalsk feiring med konsert i Fusa kyrkje laurdag 6. april. Under vignetten Aksel (halvvegs) i 100! har han invitert med musikarvener til eit spennande program for messing og orgel. Dirigent for kvelden er broder Stein Holdhus. Sjå plakat (PDF, 4 MB).

Aksel Henning Holdhus har vore ei drivande kraft i mykje av det lokale musikklivet i Fusa som dirigent, aktiv profesjonell musikar og lærar i kulturskulen i ei årrekkje.

Til sin eigen jubileumskonsert har han invitert med Knut E. Mjøs på trompet, Johann Ævarsson på horn, Gaute Vikdal på trombone, Eirik Gjerdevik på tuba og Iman de Zwarte på orgel. Sjølv trakterer Aksel trompet og dirigentjobben har denne kvelden Stein Holdhus.

Kollegaer i Fusa kommune ønskjer lukke til med dagen og den musikalske feiringa!

Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 02.04.2013
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30