Fjøsnissen Borg i Oseana
I går onsdag 8. desember var elevar i Os og Fusa kulturskule delaktige ei flott førjulsoppsetjing i Oseana med "Fjøsnissen Borg - kjem heim". Framsyninga samla to fulle hus på ein kveld. 150 elevar var i aksjon og fleire gjesteartistar tok del.
Julekonsert i Strandvik
Søndag 11. desember kl 19.00 er det tid for den tradisjonelle julekonserten i Strandvik kyrkje. Her kan du høyra Holmefjord musikklag, Strandvik blandakor, mannskoret Credo og kantor Iman de Zwarte. Det vert også høve til å syngja med på kjende og kjære julesongar.
Peparkakekunst
Ta deg tid til å stoppa opp med peparkakekunsten i Fjord'n senter der barnehagane er tydeleg inspirerte av nærmiljøet sitt. Her er både ferja Fosen og anleggsmaskiner Kjosaas maskin foreviga i forgjengeleg peparkakedeig.