Aktuelt frå kommunen

Aadland i Torsdagsakademiet

Tom Roger Aadland - Klikk for stort bileteTom Roger Aadland

Tom Roger Aadland er 19. november gjest i Torsdagsakademiet på Fusa folkebibliotek. Aadland er visesongar og rockepoet med slektsrøter i Fusa.

Torsdagsakademiet held til i folkebiblioteket sine lokale i Kommunetunet, Eikelandsosen. Konserten tek til kl 19.00. Inngang kr 100,- med enkel servering.

Genial rockepoet
Tom Roger Aadland gav ut plata "Rapport frå eit grensehotell" tidlegare i år og hausta svært gode kritikkar, "på grensa til det geniale" (Dagsavisen). Han er også aktuell som omsetjar og rockepoet  med framsyninga "Club 27", ein teaterkonsert ved Brageteateret i Drammen. Musikken i framsyninga er laga av unge døde artistar med legendestatus i rocken som Amy Winehouse, Janis Joplin, Jimi Hendrix og Jim Morrison

Klassisk gitarist
Sjølv har Tom Roger Aadland (51) etablert seg som artist i godt moden alder. Han er utdanna klassisk gitarist og har studert hjå fleire meistergitaristar, men det skulle ta tid før han kom på scenen med eigen musikk og eigne tekstar. 
 
Første plata kom i 2007 etter eit samarbeid med irske musikarar. Debuten «Obviously Embraced»  hadde tekstar på engelsk og fekk gode tilbakemeldingar også i utanlandsk musikkpresse.
 
Blod på spora
I Noreg fekk han eit slags gjennombrot i 2009 med plata «Blod på spora», ei norsk gjendikting av Bob Dylan sitt meisterverk «Blood on the tracks». Låten «Vikla inn i blått» frå denne plata vart nyleg kåra til ein av dei beste norske coverlåtane gjennom tidene (WiMP).
 
Nytt høgdepunkt
Også på dei neste platene har Aadland helde seg til norske tekstar og er i dag ein av dei finaste og tryggaste nynorsktolkarane i norsk populærmusikk. Det siste albumet «Rapport frå eit grensehotell» blir av fleire meldarar halde fram som eit høgdepunkt i karrieren, med sterke tekstar og melodiar. Singelen «Like til mi dør» vart raskt A-lista på P1 og er spelt mykje på radio.
 
Aadland har etternamnet sitt frå Fusa. Far hans var frå Ådland, men sjølv er han vaksen opp i Vikebygd i Rogland. Det er første gong han speler i Fusa.
 
Hordalandsturné
No er han ute på ein turné i Hordaland. Etter besøket i Fusa er han å høyra på Litteraturhuset i Bergen laurdag 21. november.
 
 
 
 
Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 24.11.2015
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30