Aktuelt frå kommunen

70 år sidan fredslutninga

Historisk foto  - Klikk for stort bilete

 I dag 8. mai er det 70 år sidan freden kom til Fusa og Noreg etter 2. verdskrig. Det er ikkje offisielle arrangement i Fusa på 70-årsdagen, men det vert markeringar 17. mai.

Sidan det i 2015 er 75 år sidan angrepet på Norge og 70 år sidan fredsvåren i 1945, har vi eit særlegt ansvar for å minnast desse hendingane i år. Krigen vedkom heile folket og alle samfunssektorar.

Forsvarsminister Ine Eriksen Søreide har i brev til kommunane sagt at vi gjennom ulike markeringar dette året skal setja fokus på vår felles krigshistorie for betre å forstå samtida.

I Fusa var det ikkje særskilde hendingar eller trefningar ved krigsutbrotet som det var naturleg å markera 9. april. Vi har heller ikkje tradisjon for arrangement 8. mai.

I Fusa er 17. mai den sentrale dagen for å minnast okkupasjonsåra 1940-1945. Fusa har to minnesmerke på offentleg stad som heidrar falne under 2. verdskrigen: ei minnstøtte ved Strandvik kyrkje og ei minnstøtte ved Fusa kyrkje. Her vert det kransenedlegging i regi av dei lokale 17. mai-komiteane.

Fusa kommune oppfordra også skular, barnehagar og det frivillige organisasjonslivet til å markera dette spesielle året i dei samanhengar det er naturleg.

Vi kan minna om at Fusa kommune laga ei krigsminnebok i 1995, "Verda inn over dørstokken", med Ella Marie Brekke Vangsnes som redaktør. Boka er i sal for kr 100,- og kan kjøpast i Kommunetunet. Du kan lesa boka digitalt via Nasjonalbiblioteket.

Flaggheising 8. mai 1945 - Klikk for stort bilete

Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 08.05.2015
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30