Aktuelt frå kommunen

3890 fusingar

Seks trillekoffertar. Foto. - Klikk for stort bilete Folketalet i Fusa auka med 14 personar i 1. kvartal 2016, i følgje Statistisk sentralbyrå (SSB) si siste oversikt over folketalet i kommunane. Auken kjem takk vere tilflytting. Pr 31.03. har Fusa eit innbyggjartal på 3890, det høgaste sidan 1970.

Tilflytting

Statistikken viser fødselsunderskot: Det vart fødd seks barn, medan 11 personar døydde i første kvartal 2016. Det er registrert at 12 personar innvandra til Fusa, medan tre utvandra. 37 personar flytta til Fusa frå andre stader i Noreg, medan 27 flytta frå Fusa til ein annan kommune. Nettotilflyttinga var dermed på 19 personar.

Nabokommunane

Folketalet auka i tre av nabokommunane: Samnanger (+15), Os (+91) og Austevoll (+31), medan Tysnes har nullvekst. Folketalet minka i Kvinnherad (-40) og Kvam (-6).

Os har no eit folketal på 19833, Tysnes 2797, Samnanger 2458, Kvam 8469, Kvinnherad 13231 og Austevoll 5149. 

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 26.05.2016
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30