Aktuelt frå kommunen

3817 fusingar

Onsdagstur med Fusa frivilligsentral - Klikk for stort bileteOnsdagstur med Fusa frivilligsentral GROM Statistisk sentralbyrå (SSB) si sist publiserte oversikt over folketalet i kommunane syner eit folketal på 3817 i Fusa. 1.1.2013 hadde Fusa 3818 innbyggjarar. Folketalet er med andre ord stabilt. 

Fødselsunderskot

Det var fødd 28 barn i Fusa ved utgangen av 3. kvartal, medan talet på døde var 40. Fødselsunderskotet var såleis minus 12 personar.

Nettoinnflytting

Nettoinnflytting var på 11 personar: 106 personar har meldt flytting innanlands til Fusa, medan 102 har meldt flytting ut av Fusa. 16 personar er registrerte som innvandra til Fusa så langt i 2013, medan det er registrert 9 utvandra. 

Minus 1

Samla sett syner oversikta ein nedgang på 1 person så langt i år. Nye tal frå SSB vert ikkje publiserte før i februar.

Fusa er ikkje åleine om minus i folketalsstatistikken: Tala viser minus også i nabokommunane Kvinnherad (-54), Kvam (-9) og Samnanger (-8).

Tysnes kan visa til ein auke på 15 personar og Austevoll +63, medan vekstkommunen Os også i år har hatt stor folketilvekst: +407 personar.

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 16.12.2013
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30