Aktuelt frå kommunen

38 nye fusingar

Arkivfoto frå Jettegryto barnehage - Klikk for stort bileteArkivfoto frå Jettegryto barnehage

Folketalet i Fusa auka med heile 38 personar eller omlag 1 % i 2015, takk vere netto innflytting. Ved årsskiftet var det 3 876 innbyggjarar i kommunen. Dette syner Statistisk sentralbyrå (SSB) sin sist publiserte folketalsstatistikk. Auken siste kvartal 2015 var på 30 personar.  

Det er svært lenge sidan Fusa har hatt ein liknande folkeauke. Ein viktig del av forklaringa er at Fusa har teke imot 25 flyktningar. 21 av dei kom til kommunen i 2015.

Innflyttingspluss

SSB sine tal syner at det vart fødd 31 barn i Fusa i 2015, medan det døydde 38 personar. Fødselsunderskotet var altså på minus 7. 

34 personar innvandra til kommunen og 13 utvandra. 158 personar flytta til Fusa frå ein annan stad i landet, medan 134 flytta frå kommunen. Det gjev ei nettoinnflytting på 45 personar inkludert innvandring og innanlandsk tilflytting. Samla folketalsvekst i 2015 var på 38 personar.

Aldersfordeling

SSB-statistikken syner at det er aldersgruppa 1-5 år og 67-79 år som har auka mest med høvesvis pluss 29 og 27. Det har blitt 20 færre barn i alderen 6-12 år og 6 færre 13-19-åringar. Også talet på fusingar i alderen 80 pluss har minka: minus ni. Det er blitt 15 fleire i yrkesaktiv alder (20-66 år) og to fleire nullåringar.

Nabokommunane

Ser ein på moglege samarbeidskommunar i kommunereforma, viser SSB-statistikken folketalsvekst for alle dei tre kommunane i Bjørnafjord-alternativet: Os auka med 645 personar til 19 742 og Tysnes auka med 15 personar til 2 797. Austevoll, som òg har vore inne i biletet knytt til dette alternativet, hadde ein auke på 106 personar og er no oppe i eit folketal på 5 118.

Ingen av dei to andre kommunane i Samnanger-Kvam-Fusa-alternativet hadde auke i 2015: I Samnanger var det inga endring i høve til året før, 2 443 innbyggjarar, og i Kvam var det ein nedgang på minus 64. Folketalet der var ved årsskiftet 8 475 innbyggjarar.

Kvinnherad hadde ein auke på 37 personar og hadde 13 271 innbyggjarar ved årsskiftet.

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 22.02.2016
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30