Aktuelt frå kommunen

3 806 fusingar

Inngangsparti - Klikk for stort bilete GROM

 

Folketalet voks i Os og Austevoll, medan det minka i Fusa og nabokommunane i første kvartal av 2013. I Fusa var nedgangen på 12 personar.

10 fødslar og 18 dødsfall gav negativt fødselsoverskot. 6 personar innvandra og 5 utvandra, medan 21 flytta innanlands til Fusa og 26 flytta frå Fusa til ein annan kommune i Noreg. I følgje Statistisk sentralbyrå (SSB) sine tal var det 3 806 fusingar ved utgangen av første kvartal 2013.

Nedgang hjå naboane

Bortsett frå vekstkommunen Os var det nedgang også hjå alle nabokommunane våre. Tala frå SSB viser minus 18 for Kvam, Kvinnherad minus 15, Tysnes minus 14 og Samnanger minus 13.

I Os auka folketalet med 152 dei tre første månadene av 2013. Os har over 18 000 innbyggjarar og er no 4. størst i Hordaland etter å ha passert Stord. Også Austevoll auka (pluss 18).

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 21.05.2013
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30