Aktuelt frå kommunen

2 x gull for Lena Skåtun

Lena Skåtun med blomehelsing heime på Fusa. - Klikk for stort bileteLena Skåtun med blomehelsing heime på Fusa.

Lena Skåtun tok i palmehelga to gull og ein bronse i karate-EM for juniorar. Meisterskapen gjekk i Praha, Tsjekkia. Fusa kommune gratulerer!

Tre EM-medaljar

Med bronse i kata fekk Lena Skåtun sin første internasjonale medalje i denne stilforma. Kata er å gå i mønster utan kamp. Men dette var berre starten. 

Det er kampforma kumite som er Lena sin store styrke, og her gjorde ho reint bord med gull både i lagkonkurransen og individuelt. Lena har medaljar frå tidlegare meisterskapar, men det er første gong ho tek gull individuelt internasjonalt. Kjempesterkt!
 
I lagkonkurransen i kumite hadde ho med seg Janette Hansen og Maren Aamodt på gull-laget. Sjå meir om meisterskapen på JKA si facebookside.
 
To seniorar i EM
 
To andre fusingar, Hans André Skåtun og Benjamin Skåtun var med i seniorklassen +21 år, men rauk ut for tøff motstand relativt tidleg i sine konkurransar. Kampane er eit reint "cup-oppsett" og her kan ein vera både heldig og uheldig med trekninga. Tre lokale utøvarar i EM er uansett kjempestas.
 

Fusa kommune gratulerer! 

 Lena på seierspallen i JKA-karate EM i Praha - Klikk for stort bileteLena på seierspallen i JKA-karate EM i Praha JKA Norway Karate Team

 

Kulturleiar Erik Vangsnes overrekkjer blomehelsing frå Fusa kommune til Lena Skåtun. - Klikk for stort bileteKulturleiar Erik Vangsnes overrekkjer blomehelsing frå Fusa kommune til Lena Skåtun. Gjermund Haugen Dalland

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 31.03.2015
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30