Aktuelt frå kommunen

2,6 millionar til gründerar

Illustrasjonsfoto - Klikk for stort bilete BRB Har du akkurat starta eiga verksemd, eller ønskjer du å starta eiga bedrift? Du kan no søkja Business Region Bergen om midlar på inntil kr 50 000 for å auka kompetansen din innan marknad og økonomi.

Nytt etablerarfond

Business Region Bergen (BRB) har fått tildelt eit nytt etablerarfond i 2016 på vel 2,6 millionar kroner frå Hordaland fylkeskommune. Dette kan du som gründer og nyetablerar søkja om støtte frå. Kvar søkjar kan få inntil 50 000 kroner. 

Bedrifta eller enkeltmannsføretaket må vera starta i 2016, eller det må vera intensjon om å starta selskapet innan eitt år frå tildeling er skjedd. Søknadane blir behandla fortløpande.

Les nøye!

Nederst i artikkelen finn du informasjon om korleis du kan søkja "Etablererfondet". Det er viktig at du som søkjar les denne informasjonen godt, særleg kva du må ha klart før du startar med å fylla ut sjølve det digitale søknadsskjemaet. 

Kva kan det søkjast om midlar til?

Tilskotet frå "Etablererfondet" skal bidra til gjennomføring av nødvendige tiltak i tidleg oppstartsfase, og skal gi gründeren kompetanse om marknad og økonomi. Aktuelle aktivitetar kan vera:

  • Kundeundersøkingar
  • Brukarstudier og anna kartlegging for å få auka brukarinnsikt
  • Testing og vidareutvikling av forretningside
  • Kostnader knytt til nettverksbygging
  • Styrking av kompetanse innan forretningsutvikling

Kriterier for å få midlar frå Etablererfondet

  1. Verksemda som er etablert eller som skal etablerast, må ha adresse og forretningskontor i ein av følgjande kommunar: Gulen, Masfjorden, Modalen, Lindås, Austrheim, Fedje, Radøy, Meland, Bergen, Osterøy, Voss, Vaksdal, Samnanger, Fusa, Os, Sund, Øygarden, Askøy eller Fjell. Vidare må det godtgjerast at det er sannsynleg at verksemda som blir etablert, er levedyktig og kan sysselsetja minst eitt årsverk.
  2. Målgruppe for etablerarfondet er bedrifter som er etablert i 2016, eller der ambisjonen er å etablera ei verksemd innan eitt år etter at midlane frå fondet er tildelt. Kriteria i punkt 1 gjeld òg her.
  3. Midlane vert tildelt som tilskot på inntil kr 50 000 til etablerarar og ny næringsverksemd som fell utanfor Innovasjon Norge si ordning med "etablerartilskot til gründerbedrifter med vekstambisjonar og ein forretningsidé som representerer noko vesentleg nytt i marknaden". Tilskot vert gitt innanfor rammene av bagatellmessig støtte.
  4. Det vert presisert at det ikkje er eit krav at verksemda sitt produkt eller teneste skal vera nyskapande, men det er sjølvsagt ikkje noko ulempe. Alle verksemder som har som forutsetning å etablera minst eitt årsverk, kjem inn under ordninga
  5. Tilskot frå etablerarfondet skal bidra til gjennomføring av nødvendige tiltak i tidleg oppstartsfase og gi gründerar kompetanse om marknad og økonomi. 

Stønaden kan ikkje brukast til: 

  • Drift av næringsverksemd eller organisasjonar (som t.d. varelager, husleige, marknadsføring)
  • Kausjon eller annan økonomisk garanti
  • Direkte eller indirekte investeringar i verksemder sin eigenkapital
  • Renter og avdrag på lån og refinansiering av gjennomførte prosjekt

Før du søkjer:

Før du går inn i det digitale søknadsskjemaet, er det viktig at du har følgjande klart:

  • Vedlegg: Dette vedlegget (DOCX, 36 kB)  fyllast ut og lastast opp i søknadsskjemaet. I vedlegget må du utdjupa prosjektet ditt. Utan dette vedlegget er søknaden mangelfull og kan avvisast. Vedlegg kan lastast opp som eitt av dei siste punkta i søknadsskjemaet. 
  • Personleg info, namn, adresse osb
  • Bankkonto for utbetaling av tilskot når det er innvilga
  • Organisasjonsnummer eller personnummer 
  • Kostnads- og finansieringsplan

Då er du klar til å gå vidare til sjølve søknadsprosessen: 

  • Registrera deg og eventuelt bedrifta di på www.regionalforvaltning.no
  • Når du har gjort det, får du tilsendt nødvendig registreringsinformasjon på e-post
  • Logg deg inn på i Regionalt etablererfond for Bergensregionen 
  • Fyll ut skjemaet - det vert sendt automatisk til oss

Søknadane vert behandla fortløpande. Du får svar på søknaden din i løpet av fire til fem veker etter innsending. 

Utbetaling

Søkjer du og får innvilga mellom 25 000 og 50 000 kroner, vert 50 prosent av beløpet utbetalt ved tilsegn om at du har fått innvilga pengar frå fondet. Dei resterande 50 prosenta vert utbetalt ved innlevert sluttrapport.

Søkjer du og får innvilga under 25 000 kroner, vert 100 prosent utbetalt ved tilsegn. 

Snarveg:

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 21.04.2016
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30