Aktuelt frå kommunen

11 fleire fusingar

Åtte postkassar i eit stativ. Foto. - Klikk for stort bilete

Folketalet i Fusa auka med 11 personar første kvartal i år, og er oppe i 3 849. Dette viser dei siste tala frå Statistisk sentralbyrå. Auken kjem som resultat av innvandring og tilflytting. 

Det er registrert seks fødde og like mange døde dei tre første månadane i år, og altså ikkje noko fødselsoverskot.

10 personar innvandra til Fusa, medan tre utvandra. 30 personar melde flytting til Fusa frå andre stader i landet, medan det er registrert at 26 flytta ut av kommunen. Dette gjev ein gledeleg folkeauke på 11.

Opp og ned hjå naboane

I nabokommunane er det som vanleg størst vekst i Os: + 125. Også Tysnes og Austevoll kan gle seg over at pila peikar oppover: + 8 og + 14. Hjå dei tre andre nabokommunane er det registrert nedgang: Minus ein i Samnanger, minus 15 i Kvinnherad og minus 49 i Kvam.

 

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 27.05.2015
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30