Aktuelt frå kommunen

10-årsjubileum for "Kongedømet Fusa"

Kroningsseremoni på Eide 2003 - Klikk for stort bileteKroningsseremoni på Eide 2003 Erik Vangsnes 21. juni for 10 år sidan vart Morten Holmefjord krona til visekonge i Fusa i ein eventyrleg seremoni på Eide i Hålandsdalen. Fredag vert 10-årsjubileet for kunstprosjektet "Kongedømet Fusa" markert på Eide og Engevik, m.a. med overrekking av ordførarkjede til Fusa kommune. 

Historie og historier

"Historie er ikkje noko ein finn, det er noko ein skaper. Fusa er ei av desse historiene og har sin plass i mylderet av verdas historier."  Dette sa Morten Holmefjord 25.4.2003, like før han vart krona som visekonge ein regntung junidag på eit jorde i Hålandsdalen. Kunstprosjektet hans skapte engasjement både lokalt og vidare. I 2005 fekk kunstnaren Fusa kommune sin kulturpris.

Kulturlaget Fusa sameige

Kunstprosjektet "Kongedømet Fusa" varde i to og eit halvt år. Kulturlaget Fusa sameige forvaltar verdiane og tankegodset etter visekongen. Fredag 21. juni vil dei markera 10-årsdagen for kroninga. "Vi var mange som var med på denne eventyrlege reisa, og vi fekk ta del i fantastiske opplevingar," heiter det i ei pressemelding frå kulturlaget.

Hoffsongarar, tilbakeblikk og ordførarkjede

I løo til Margunn Eide i Eidegrend klyngjetun vert det eit høgtideleg kulturelt program med Hoffsongarane, felespelarar frå musikkskulen, overrekking av ordførarkjede og tilbakeblikk på visekongedømet frå personar som hadde ulik ståstad denne tida. Arrangørane lovar òg lett servering. 

Seinare på kvelden går turen vidare til Engevik Gaard, der Visekongen underskreiv Engeviktraktaten for 10 år sidan. Der vert filmen "Draumen om Fusa" vist - og det skal leitast etter nye Fusadraumar. Tidlegare ordførar Asbjørn Heidal skal sjå tilbake, som deltakar i kunstprosjektet. Det vert kulturelt program, pub, levande musikk og matsal.

Fusafargar

Arrangørane oppmodar folk om å kle seg i fusafargane raudt, gult og blått og lovar premiar til dei som følgjer oppfordringa. 

Utstilling i Glasgato

I Glasgato i Kommunetunet i Eikelandsosen heng utstillinga "I staden". Utstillinga dokumenterer tida med "Kongedømet Fusa" i form av foto og tekstar - glimt av kunstnar Morten Holmefjord sitt prosjekt. Utstillinga er open i Kommunetunet si opningstid og er også open laurdag 22. juni i samband med det siste laurdagsopne biblioteket før sommarferien.

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 17.06.2013
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30