Aktuelt frå kommunen
Ill.foto. Møteklubbe.
(16.11.2018)

Ungdomsrådet har møte fredag 16.11, senior- og funksjonsrådet og ungdomsrådet måndag 19.11., formannskapet 21.11. og utval for plan og miljø (UPM) 22.11. Møta er opne for alle interesserte. Sakspapir finn du på heimesida

Eidegrend klyngjetun: Frå Andersstovo
(15.11.2018)

Eigarar av private verneverdige bygg i Fusa kan søkja Fusa kommune om tilskot til restaureringsarbeid. Tilskotet skal nyttast i 2019 og 2020. Søknadsfristen er 8. desember.

Badeliv i Vinnesholmen
(15.11.2018)

Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet har lyst ut ei tilskotsordning for inkludering av barn i familiar med låg inntekt. Nasjonalt er det for 2019 sett av 291 mill kroner til å gje eit inkluderande ferie- og fritidstilbod i norske kommunar. Fusa kommune håpar det skal gje eit kulturløft til dei som treng det som mest! Søknadsfrist er 8. desember.

Postlisteproblem
(12.11.2018)

Fusa kommune opplever for tida store tekniske problem når det gjeld å publisera postlista vår. Saman med leverandøren av innsynsløysinga arbeider vi med å løysa problema. Vi seier oss leie for ulempene dei tekniske problema medfører, og vonar at vi snart får løysinga opp å gå igjen.

Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30