Aktuelt frå kommunen

Aktivitetsdag i Vinnesholmen

Ut på fisketur - Klikk for stort bileteUt på fisketur Ragnhild Bjørke 3. september skipa Helse, familie og velferd til den årlege aktivitetsdagen i Vinnesholmen for sine brukarar. Fisketur, quiz, mat og prat stod på programmet.

Arrangementskomitéen vart sett saman av psykiatrisk hjelpepleiar Elin Samnøy SkogseidÅse Kristin Uglehus, som for tida har praksis i psykisk helseteam, og kommuneergoterapeut Ragnhild Bjørke. Dei melder om ei flott oppleving i det milde haustvêret for dei som tok turen til Vinnesholmen denne dagen. "To kjekke menn med fiskebåtar stilte opp for å ta med dei som ville, ut på sjøen. Nokon vart med ut og fiska, medan dei andre seks kosa seg med kaffi, frukt og prat i tunet på husmannsplassen," fortel Bjørke. Resultatet av fisketuren var seks fine makrellar. Det vanka premie for største og minste fisk.

 

 

 

Etterpå var det middagsservering i husmannsstova med betasuppe, flatbrød, saft  og kaffi. Det vart òg tid til ein quiz rundt borda. 

Ivrige fiskarar ute på fjorden - Klikk for stort bileteIvrige fiskarar ute på fjorden Ragnhild Bjørke Makrell på kroken! - Klikk for stort bileteMakrell på kroken! Ragnhild Bjørke

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 17.09.2014
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30