Aktuelt frå kommunen

Aktiv ferie-SFO på Fusa

Ivrige SFO-barn turnar på stranda på Skjørsand. - Klikk for stort bileteIvrige SFO-barn turnar på stranda på Skjørsand. Linda Ann Lohne Denne veka har det vore ferie-SFO på Fusa skule. Dette er eit tilbod til alle skulebarn i Fusa kommune. Ni elevar har hatt ei flott og variert SFO-veke i strålande sommarvêr.

Fusa skule er samlingpunktet for ferie-SFO for alle skulane i Fusa veka etter skuleslutt, fortel SFO-leiar på Fusa Linda Ann Lohne. I år har det deltatt ni elevar frå Fusa og Vinnes skular.

Tur, turn og pannekaker

"Ei aktiv ferie-SFO-veke er no over, og vi har hatt flotte dagar med nydeleg ver. Barna har gått på tur på Postvegen frå Fusa til Strandvik, vore på sykkeltur til Skjørsand og gått til fjøra på Peraneset. Det har vore pannekakesteiking, bading og turn på stranda, og desse spreke, tøffe barna syntes ikkje det var kaldt i sjøen. Avslutningsdagen var det leik på skulen. Barna laga felles lunsj og filmen "Frost" vart vist i sommarvarmen," fortel Linda Ann Lohne.

Fusa kommune ønskjer elevar og tilsette ved oppvekstsentra våre riktig god ferie! 

Etter turen på postvegen var det full fart mot ein dukkert i Strandvik ... | Fotograf: Linda Ann Lohne Badeliv på Peraneset på Fusa. SFO-barna syns ikkje det var kaldt i sjøen! | Fotograf: Linda Ann Lohne Mat må til! Pannekakesteiking på stormkjøkken ved Peraneset. | Fotograf: Linda Ann Lohne SFO-barna sykla på tur til Skjørsand. | Fotograf: Linda Ann Lohne
SFO-deltakarane gjekk den gamle Postvegen frå Fusa til Strandvik. | Fotograf: Linda Ann Lohne Turning på stranda på Skjørsand. | Fotograf: Linda Ann Lohne

 

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 27.06.2014
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30