Aktuelt frå kommunen

Aksjon bustadbrann

Handballjentene støttar aksjon boligbrann - Klikk for stort bileteHandballjentene støttar aksjon boligbrann Aksjon boligbrann

Måndag 1. desember er røykvarslardagen i alle dei nordiske landa. Den markerer òg starten på den årlege "Aksjon boligbrann" som set søkelyset på branntryggleik i heimen.

Samarbeidsaksjon

"Aksjon boligbrann" er eit samarbeid mellom Direktoratet for samfunnssikkerheit og beredskap (DSB),
Norsk brannvernforening og Gjensidige Forsikring, og lokale brann- og feiarvesen og el-tilsyn over hele landet står for den praktiske gjennomføringa rundt om i landet.

Stand på røykvarslardagen

På 1. desember, "Røykvarslerens dag", er det fokus på atdet er tid for å byta batteri og testa røykvarslarane rundt om i heimane. Så langt har dette vore ein norsk tradisjon, men i år vert dagen markert i alle dei nordiske landa. 

I Fusa kan publikum møta representantar for brann- og feiarvesenet og det lokale el-tilsynet (Fusa Kraftlag) på stand på Fjord'n Senter på måndag. 

Bustadkontroll

"Aksjon boligbrann" held fram med ein landsomfattande kontroll av branntryggleik i bustader første veka i desember. Også bustader i Fusa kommune kjem til å få besøk av feiar og el-tilsyn med tilbod om rettleiing og informasjon kombinert med ein enkel kontroll av branntryggleiken i bustaden, fortel brannsjef Gunnar Hatlelid. Kontrollen er frivillig.

Obs obs i desember

"Målet for Aksjon boligbrann er å sette et massivt søkelys på brannsikkerhet i private hjem. Det er ikke tilfeldig at dette skjer i desember, som normalt er årets verste brannmåned. Da ser vi ofte en økning i antall boligbranner," heiter det på aksjonen si nettside.

Bruk av levande lys og peiskos i den kalde og mørke årstida og auka bruk av elektrisitet og elektrisk utstyr, kanskje i kombinasjon med alkohol, er dei største brannårsakene i desember. "Det er viktig å tenke brannsikkerhet, selv om man hygger seg," understrekar direktør Dagfinn Kalheim i Norsk brannvernforening.

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 11.12.2014
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30