Aktuelt frå kommunen

11 fleire fusingar i 2013

Familiefoto frå Vinnes 1905 (LAF) - Klikk for stort bileteFamiliefoto frå Vinnes 1905 (LAF) Folketalet i Fusa auka med 11 personar i 2013 frå 3 818 til 3 829, viser dei siste tala frå Statistisk sentralbyrå (SSB). Det kan vi takka tilflytting til kommunen for. Det vart fødd 35 barn i Fusa, og det døydde 50 personar. Dermed hadde vi negativt fødselsoverskot for andre år på rad, men det flytta fleire personar til Fusa enn dei som melde flytting ut av kommunen.

Nabokommunane

Trenden vi har sett tidlegare år held fram: Av dei seks kommunane i nabolaget til Fusa, er det Os og Austevoll som skil seg ut som vekstkommunar - med Os klart i føringa. Der auka folketalet med 536 personar i 2013, og Os hadde ved årsskiftet 18 678 innbyggjarar. Austevoll auka med 86 til 4 924. Samnanger og Tysnes hadde ein liten auke på høvesvis 2 og 9 personar, medan innbyggjartalet i Kvam 1.1.2014 er identisk med 1.1.2013. Kvinnherad var den einaste kommunen med nedgang i folketalet: minus 73 personar.

 

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 21.02.2014
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30