Vallokale og opningstider på valdagen

På valdagen vert det i 2017 høve til å avgje stemmer i Fusa på seks stader. Sjå informasjon om vallokale og opningstider.

 Vallokale og  opningstider valdagen 11. september:

Stortingsvalet 2017
Valkrinsar/
Røystekrinsar:
Vallokale Røystetid kl
1. Nore Fusa
Nore Fusa skule 13-19
2. Eikelandsosen Eikelandsfjorden samfunnshus 10-19
3. Fusa Fusa samfunnshus 13-19
4. Strandvik Strandvik Montessoriskule 13-19
5. Hålandsdal Hålandsdalen Montessoriskule 13-19
6. Søre Fusa Søre Fusa skule 13-19


Hugs legitimasjon og valkort!

Vallova krev at ein veljar som er ukjend for røystemottakar skal legitimera seg.  Det er også ønskjeleg at du tek med valkortet som du får i posten i byrjinga av august. Valkort skal sendast ut til alle med røysterett og som er innført i manntalet i kommunen.

Meir informasjon om valet på  www.fusa.kommune.no og  www.valg.no
 
Eikelandsosen 09.08.2017
 
Atle Kvåle
leiar i valstyret
 
Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 22.08.2017
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30