Tidlegrøysting i sommar

Visste du at du kan stemma frå 3. juli? Dersom du ikkje har høve til å stemma på sjølve valdagen 9. september, eller i den ordinære perioden for førehandsrøysting 12. august-6. september, er det råd å tidlegrøysta.

Frå og med 3. juli til og med 9. august kan du stemma på generelle stemmesetlar (berre partinamn, ikkje personar) både til kommunevalet i Bjørnafjorden og fylkestingsvalet for Vestland. 

Du kan tidlegrøysta både i Kommunetunet i Eikelandsosen og i rådhuset på Osøyro i vanleg opningstid.

Hugs å ta med legitimasjon.

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 18.06.2019
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30