Ungdomsrådet i Fusa

Fusa kommune har eit ungdomsråd som blir konstituert på ny kvar haust. Ungdomsrådet skal fremja ungdommen i Fusa sine interesser og tala deira sak.

I følgje vedtektene skal Fusa ungdomsråd: 

  • vera eit synleg og aktivt organ 

  • gje politikarane i Fusa råd i saker som gjeld ungdom

  • fremja eigne saker som er viktige for ungdom i Fusa

  • fordela øyremerkte midlar til ungdomstiltak 

Ungdomsrådet kan òg stå som arrangør av opne høyringar og sosiale tiltak/arrangement for ungdom.


Medlemer

Ungdomsrådet skal ha 2 medlemer frå Fusa ungdomsskule, 2 frå Fusa vidaregåande skule, 2 andre ungdommar under 20 år busette i Fusa og 1 frå kommunestyret. Sistnemnde vert vald for heile kommunestyreperioden, dei andre for to år om gongen.

I 2017-2018 har Fusa ungdomsråd følgjande medlemer:

  • Vegard Fosså (leiar)
  • Marte Ekeberg Klippen (nestleiar) 
  • Maria Åsmul
  • Emilie Opheim
  • Jonas Ragnhildstveit
  • Gaute Torgilstveit
  • Helge Mjånes (AP) (kommunestyret sin representant)

Varamedlem frå kommunestyret:

  • Oddvar Gangstø (KrF)

Viktige dokument

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 06.04.2018
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30