Formannskapet i Fusa

Formannskapet har ansvar for å syta for at kommunen til ei kvar tid har eit plansystem og at nødvendige plan- og strategidokument er tilpassa kommunen og innbyggjarane sine behov.

I perioden 2015-2019 har formannskapet i Fusa følgjande ni medlemer:

Varamedlemer:

Sjå liste frå konstituerande møte (PDF, 14 kB) i kommunestyret 22.10.2015, sett opp ut frå valteknisk samarbeid.

 

Oppgåver og ansvar

Formannskapet skal m.a. ta seg av økonomisaker og overordna strategiske saker, driftssaker knytte til økonomi, saker etter alkohollova og serveringslova, prosjektoppfølging og handsaming av overordna planar som ikkje gjeld arealdisponering.

Formannskapet skal sjå til at det er samanheng mellom kommunen sine planar, at dei er oppdaterte og speglar samfunnet sine behov, og at kommunen har eit planapparat som er i stand til å møta nye utfordringar og endringar i samfunnet.

Formannskapet skal fatta vedtak om tenestenivå og kvalitet i saker av prinsipiell karakter, og har politisk ansvar for å gjennomføra brukarundersøkingar. Det skal evaluera kvalitet og omfang på tenesteproduksjonen og resultatet av bestilte oppdrag. Formannskapet er fondsstyre for næringsfondet, og det har ansvar for saker innan helse, oppvekst, kultur og administrasjon.  

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 19.11.2015
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30