Politiske parti i Fusa

Åtte politiske parti stilte liste ved kommunevalet i 2015: Det norske Arbeiderparti, Framstegspartiet, Høgre, Kristeleg Folkeparti, Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti, Venstre og Miljøpartiet Dei Grøne (MDG). Seks av desse er representerte i kommunestyret 2015-2019: Ap, Frp, H, Krf, Sp og V.
 

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 18.11.2015
Arbeiderpartiet -Logo

Starta som Fusa arbeidar- og småbrukarlag i 1934. Partiet har 6 representantar i kommunestyret 2015-2019: Atle Kvåle (ordførar - f. 1951), Agnete Digranes Årvik (f. 1963), Anne-Grete Gjerdevik (f. 1975), Hans Ekeberg (f. 1942), William Lindborg (f. 1985) og Helge Mjånes (f. 1967).

Framstegspartiet -Logo

Fusa FrP vart skipa i 1997. Partiet har 2 representantar i kommunestyret 2015-2019: Magne Djuvik (f. 1955) og Kristine Hjartnes (f. 1983).

Høgre -Logo

Fusa Høgre vart skipa i 1966. Partiet har 3 representantar i kommunestyret 2015-2019: Aud May Boge (f. 1958), Lars Erik Dalland (f. 1953) og Ranveig Næss (f. 1982).

Kristeleg Folkeparti -Logo

Lokallaget i Fusa vart skipa i 1936. Partiet har 2 representantar i kommunestyret 2015-2019: Bjarte Samnøy (f. 1967) og Toralv Huse (f. 1949).

Miljøpartiet Dei Grøne-logo

Miljøpartiet Dei Grøne (MDG) er nytt i Fusa og stilte liste for første gong ved kommunevalet i 2015. Partiet har ingen representantar i kommunestyret 2015-2019.

Senterpartiet -Logo

Det første lokallaget skal ha vorte skipa i Strandvik herad truleg i slutten av 1940-åra. I 1963 slo laga frå dei tre fusaherada seg saman til eitt lokallag. Partiet har 6 representantar i kommunestyret 2015-2019: Svein Lang (f. 1950), Mikal Leigland (f. 1961), Margunn Y. Samnøy (f. 1961), Peter-Hans de Zwarte (f. 1991), Richard Markhus (f. 1968) og Jan Birger Landøy (f. 1953).

Sosialistisk Ventreparti -Logo

Fusa SV vart skipa i 1990. Partiet har ingen representantar i kommunestyret 2015-2019.

Venstre -Logo

Det første politiske partilaget i Fusa var Venstre. Vi kjenner ikkje skipingsåret, men veit at her var lokallag i 1911. Partiet har 1 representant i kommunestyret 2015-2019: Gustav Folkestad (f. 1963).

Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30