Kommuneplanen

Kommuneplanen er det viktigaste styringsdokumentet i kommunen. Han er sett saman av ein samfunnsdel og ein arealdel. Samfunnsdelen vår gjeld for 2011-2023, arealdelen for 2015-2027.

Kommuneplanen legg rammene for planlegging, aktivitet og arealbruk i kommunen. Han vert vedteken av kommunestyret, og har eit 12-årsperspektiv. Kvart 4. år skal det lagast kommunal planstrategi. Gjennom denne skal kommunen ta stilling til om kommuneplanen skal reviderast eller vidareførast utan endringar.

Samfunnsdelen: Fusa - midt i blinken!

Samfunnsdelen vart vedteken 22. juni 2011 etter ein lang prosess der både politikarar og innbyggjarar har medverka. Samfunnsdelen er grunnlaget for arealdelen. 

Han er òg grunnlaget for handlingsprogrammet til Fusa kommune med økonomiplan, som dekkjer fireårsperiodar og vert rullert årleg i samband med budsjetthandsaminga. Det inneheld handlingsmål for samfunnsutvikling, styringsmål for tenesteutviklinga og prioritering av tiltak.

Arealdelen

Kommuneplanen sin arealdel 2015–2027 vart vedteken av kommunestyret 15.10.2015 med endeleg verknad. Vedtaket er gjort i medhald av plan- og bygningslova § 20-5.

Planen består av plankart med føresegner og retningsliner. Han viser bruk og vern av arealet i Fusa. Det er utarbeidd ein ROS-analyse for nye byggeområde.

Plankart og føresegner har rettsverknad, jf plan- og bygningslova § 20-6, og skal leggjast til grunn ved planlegging, forvaltning og utbygging i kommunen.

Nedanfor finn du snarvegar til heile kommuneplanen: Samfunnsdelen "Fusa - midt i blinken!", og arealdelen med kommuneplankart, planomtale, og føresegner og retningslinjer.

Snarvegar:

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 30.06.2016
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30
kontaktperson

Samfunnsutvikling, økonomi og service

Telefon :
56 58 01 34
E-post :
ella.marie.vangsnes@fusa.kommune.no
Tittel :
Rådgjevar - permisjon 1.1.-31.12.2017
Bunnhjørne
kontaktperson

Samfunnsutvikling, økonomi og service - plan

Telefon :
56 58 01 88
Mobil :
416 17 873
E-post :
helle.holte.bruland@fusa.kommune.no
Tittel :
Arealplanleggjar
Bunnhjørne