Manntalet er lagt ut

For å kunna stemma ved valet til kommunestyret i Bjørnafjorden kommune og fylkestinget i Vestland fylke må du stå i manntalet. Manntalet er ei liste over alle som har stemmerett ved val i Noreg. Det er ikkje nødvendig å registrera seg eller på nokon måte melda seg inn i manntalet – alle som har stemmerett er manntalsført.

Styrt av folkeregisteret

Folkeregisteret ligg til grunn for manntalet. Kvar du er manntalsført og har stemmerett, er difor avhengig av kva kommune du er folkeregistrert som busett i per 30. juni i valåret. Dersom du registrerer flytting til ein annan kommune etter 30. juni i valåret, har du stemmerett i den gamle bustadkommunen din. Dersom du registrerer flytting før 30. juni i valåret, har du stemmerett i den nye bustadkommunen din.

Kva om eg bur i utlandet?

Som busett i utlandet er du som hovudregel innført i manntalet. Unntaket er om du har budd i utlandet i meir enn ti år. I så tilfelle må du søkja om innføring i manntalet i kommunen der du sist var folkeregistrert for at stemma di skal bli godkjent.

Korleis kan eg sjekka om eg er manntalsført, og i kva for ein kommune?

Alle kommunar i Noreg er pålagt å skriva ut eit såkalla utleggingsmanntal, som blir gjort offentleg tilgjengeleg. Utleggingsmanntalet skal berre føreliggja i papirutgåve, det er ikkje lov å publisera det elektronisk. Utleggingsmanntalet for Bjørnafjorden kommune er no tilgjengeleg i Kommunetorget på Os rådhus og i Kommunetunet i Eikelandsosen. Her kan du som veljar kontrollera dine eigne opplysningar, og eventuelt senda inn ein skriftleg klage til valstyret i Bjørnafjorden kommune dersom det er feil i manntalet. 

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 29.07.2019
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30