Velkommen til markering av eldredagen 2018!

Eldredagen vert markert i Eikelandsosen bedehus 1. oktober 2018 kl 17.00-19.30. På programmet står både kåseri og informasjon, konsert, allsong og festmat. Velkommen!

Program

Rådmann i Fusa Nils-Petter Borge helsar frå kommunen. Det vert kåseri ved Svein O. Ådland.

Dagleg leiar for Fusa frivilligsentral Victoria T. Dale kjem og fortel om arbeidet til frivilligsentralen.

Publikum kan òg gle seg til konsert med Victoria Bakka.

I tillegg lokkar arrangørane med festmat, allsong og loddtrekking på inngangsbilletten. Pris: kr 250.

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 25.09.2018
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30