Varsel om oppstart av detaljregulering gbnr. 34/4 Opsalmarka næringsområde

I medhald av plan- og bygningslova § 12-8, vert det varsla oppstart av detaljregulering for Opsalmarka
næringsområde gnr. 34, bnr. 4 i Fusa kommune. Evt. uttalar kan sendast til ABO Plan & Arkitektur AS innan 25.06.2018.

Om planarbeidet

Føremålet med planarbeidet er å leggja til rette for utvikling for ein del av næringsområde BN10 med tilhøyrande infrastruktur i tråd med arealdelen av kommuneplanen. Området er i arealdelen sett av til framtidig næringsbygg. I reguleringsplan for Opsalmarka bustadfelt planid: 1241_199801 er arealet regulert til jord- og skogbruk.

Planområdet er totalt ca 70 daa og ligg nord for Fv 552 Venjanesvegen. Arealet består i hovudsak av granskog. Tilkomst er planlagt frå kommunal veg Opsalmarka. Planarbeidet er vurdert til å ikkje utløysa krav om konsekvensutgreiing, jf. forskrift om konsekvensutgreiing.

Tiltakshavar er Line Tools AS. Plankonsulent er ABO Plan & Arkitektur AS.

Meir informasjon

For nærare informasjon kan spørsmål rettast til:

Har du merknader?

Uttalar og innspel til oppstart av planarbeidet skal sendast skriftleg til:

  • ABO Plan & Arkitektur AS, Postboks 291, 5203 Os (Tlf: 56 57 00 70)
  • E-post: offentlig.ettersyn@abo-ark.no

Frist for uttale er sett til 25.06.2018.

Det er ikkje nødvendig å senda kopi av uttalar til Fusa kommune - dette vil ABO Plan & Arkitektur AS ivareta i samband med innsending av planforslaget.

Vidare planprosess

Etter at frist for uttalar er gått ut, vil planforslaget verta utarbeida og handsama i Fusa kommune. Etter 1. gongs handsaming vert planforslaget lagt ut til offentleg ettersyn. Det vil då verta høve til å fremja innspel og merknader til planforslaget. Etter at perioden med offentleg ettersyn er avslutta, vil ein gå gjennom innkomne innspel og merknader og evt. justera planforslaget før 2. gongs handsaming i Fusa kommune.

Vedlegg:

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 28.05.2018
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30