Varsel om oppstart av detaljregulering FV 122 Dallandsvegen-Djupvik

I medhald av plan- og bygningslova § 12-8, vert det varsla oppstart av detaljregulering for fylkesveg 122 Strandvikvegen frå kryss med Dallandsvegen til Djupvik i Fusa kommune. Føremålet med planarbeidet er å leggja til rette for gang- og sykkelveg og utbetring på eksisterande køyreveg. Frist for merknader og høyringsuttalar: 15.04.2019.

Området er i kommuneplanen sin arealdel sett av til samferdselsanlegg, LNF-område og område for råstoffutvinning. Planforslaget skal regulera for samferdselsformål på strekninga.

Planområdet er totalt ca. 88 daa. Det er ved varsel om oppstart av planarbeidet tatt med eit større område enn nødvendig. Dette for å sikra tilstrekkeleg areal til vurdering av trafikale løysingar, sideareal langs vegen og sikra mellombels rigg- og anleggsareal for gjennomføring av prosjektet.

Planarbeidet er ikkje vurdert å utløysa krav om konsekvensutgreiing, jf. forskrift om konsekvensutgreiing. 

Tiltakshavar for planarbeidet er Fusa kommune. Plankonsulent er ABO Plan & Arkitektur AS.

Vedlegg:

Meir informasjon

Du finn meir informasjon på ABO si nettside. For nærare informasjon kan spørsmål rettast til ABO Plan & Arkitektur AS, v/Ola Klyve Dalland:

  • ola@abo-ark.no
  • tlf: 900 21 198 

Har du innspel?

Uttale til oppstart av planarbeidet kan sendast skriftleg innan 15.04.2019 til:
  • Brev: ABO Plan & Arkitektur AS, Postboks 291, 5203 OS
  • E-post: offentleg.ettersyn@abo-ark.no

Vidare planprosess

Etter at frist for uttalar er gått ut, vil planforslaget verta utarbeidd og handsama i Fusa kommune.

Etter 1. gongs handsaming vert planforslaget lagt ut til offentleg ettersyn. Det vil då verta høve til å fremja innspel og merknader til planforslaget.

Etter at perioden med offentleg ettersyn er avslutta, vil ein gå gjennom innkomne innspel og merknader. Evt. justering av planforslaget vil bli vurdert før 2. gongs handsaming i Fusa kommune.

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 11.03.2019
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30