Val av meddommarar og skjønsmedlemer

Kommunestyret i Fusa skal kvart fjerde år oppnemna meddommarar til tingretten, lagmannsretten og jordskifteretten samt fremja forslag til skjønsmedlemer.  Arbeidet med  oppnemning for perioden 2017-2020 er i gong. Er du interessert i eit slikt verv? Meir informasjon finn du i eige notat (PDF, 126 kB), medan meir generell informasjon går fram av brev (PDF, 11 MB) frå Justis- og beredskapsdepartementet.

Er du meddommar eller skjønnsmedlem i inneverande periode og ønskjer vera kandidat til ny periode?  

Meldingar om at du ønskjer å vera ny kandidat eller at du ønskjer attval kan sendast på e-post til: postkasse@fusa.kommune.no eller per post til Fusa kommune,  Postboks 24, 5649 Eikelandsosen. Du kan også levera det i ekspedisjonen i Kommunetunet, Eikelandsosen. Svarfrist: 11. april 2016. Du kan då nytta vedlagd skjema (PDF, 38 kB).
Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 29.03.2016
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30