Utskriving av eigedomsskatt for 2019

Eigedomsskattelistene er lagt ut til offentleg ettersyn på heimesida og i ekspedisjonen til Fusa kommune i Kommunetunet i Eikelandsosen frå og med torsdag 28. februar til og med torsdag 21. mars. Klagefristen er seks veker etter at skattelistene vert lagt ut, eller frå du har motteke skattesetel/faktura for 1. termin.

Kva fortel listene?

Eigedomsskattelistene er lagt ut til offentleg ettersyn på bakgrunn av kommunestyret sitt vedtak om utskriving av eigedomsskatt for 2019. Skattelista syner dei skattepliktige eigedomane med opplysning om adresse, matrikkelnummer (gards-, bruks- og festenummer), eigedomsskattetakstane, skattesatsen, og utrekna eigedomsskattebeløp.  

Fritakslista syner eigedomar som er fritekne for eigedomsskatt og lovheimel for fritaket. Paragrafane viser til eigedomsskattelova. Fritaket gjeld statlege (§ 5a) og kommunale (§ 5d) eigedomar, kyrkjeeigedomar (§ 5c), landbrukseigedomar (§ 5h), eigedomar som tilhøyrer frivillige organisasjonar (§ 7a) og eigedomar med fritak ut frå historisk verdi (§ 7b).

Sjå listene:

Vedtak om eigedomsskatt og skattesatsar

Kommunestyret fastset skattesatsen for året etter i budsjettvedtaket i desember kvart år. Den generelle skattesatsen for skattepliktige eigedomar i  2019 er 7 promille. Skattesatsen er 2 promille på bustad- og fritidseigedomar, naust og ubebygde tomter. 

Omtaksering frå verk og bruk til næring

I samsvar med lovendring har  kommunestyret 13.12.2018 bestemt  å omtaksera frå verk og bruk til næring.

Kommunestyret har 13.12.2018  også bestemt å nytta overgangsregelen for produksjonsutstyr- og installasjonar. Meir informasjon om endringane nederst i artikkelen.

Skattesetel/faktura

Opplysningar om eigedomsskatten finn du på faktura for 1. termin som vert sendt ut i løpet av februar. Kommunestyret har frå og med 2015 vedteke at det ikkje er botnfrådrag. 

Retting

Rettingar i eigedomsskatt kan gjerast med heimel i eigedomskattelova § 17.

Klage

  • Klage på fastsett eigedomsskattetakst kan fremjast kvart år i samband med den årleg utskrivne eigedomsskatten, dersom det ikkje er klaga på same grunnlag tidlegare år.
  • Klage på taksten må setjast fram skriftleg og underteiknast.
  • Fristen er seks veker etter at skattelista vert lagt ut eller skattesetelen/faktura for 1. termin vert sendt ut. 
  • Eigedomsskatten må betalast sjølv om det er sendt klage.
  • Eventuelt for mykje innbetalt skatt vil verta betalt tilbake, dersom skatten vert redusert.

Klage skal sendast til:

  • Brev: Fusa kommune, Eigedomsskattekontoret, Postboks 24, 5649 Eikelandsosen
  • E-post: post@fusa.kommune.no

Informasjon om taksering av LNF-område som ikkje er utbygd frå før

I saker som gjeld taksering av LNF-område som ikkje er utbygd frå før, må takstutvalet i kvar einskild sak vurdera kva verdireduksjon det skal føra til i eigedomstaksten. Kommunen må difor òg gå gjennom tidlegare klagesaker for å vurdera om det er grunnlag for å endra eigedomsskattetaksten til gunst for klagar.

Fritak

Nokre spesielle eigedomar (m.a. forsamlingshus og idrettsanlegg) er fritekne for eigedomsskatt (sjå fritakslista). Fritak heimla i § 7 a)  og b).

Kommunestyret kan frita følgjande eigedommar heilt eller delvis for eigedomsskatt:

a) Eigedomar eigd av stiftingar eller institusjonar som tek sike på å gagna ein kommune, eit fylke eller staten.

b) Bygning som har historisk verdi.

Send søknad om fritak sendast til:

  • Brev: Fusa kommune, Eigedomsskattekontoret, Postboks 24, 5649 Eikelandsosen
  • E-post: post@fusa.kommune.no

Søknadsfrist: 30. april 2019

Kommunestyret har vedteke å avvikla den tidlegare ordninga med fritak for nye bustader. Dette fritaket vart gjort pr. kalenderår i det årlege budsjettvedtaket. Frå og med 2016 skal det betalast eigedomsskatt for alle bustadhus, også dei som tidlegare år har vore fritekne.  

Betaling

Kommunestyret har vedteke at eigedomsskatten forfell til betaling i to terminar:

  • 1. forfall  25. mars 2019
  • 2. forfall  25. november 2019

Meir informasjon om klagerett, fritaksreglar og eigedomsskatten, og svar på ofte stilte spørsmål, finn du på informasjonssida vår om eigedomsskatt.

Meir utfyllande informasjon om omtaksering frå verk og bruk til næring 

I samsvar med lovendring har kommunestyret 13.12.2018 bestemt  å omtaksera frå verk og bruk til næring.

Kommunestyret har 13.12.2018  også bestemt å nytta overgangsregelen for produksjonsutstyr- og installasjonar. 

Ved lov av 19.12.2017 vart det gjort endringar i eigedomsskattelova.

Hovudpunkt i lovendringa:

«Ved lov 19. desember 2017 ble det gjort endringer i eiendomsskattelovens regler om verk og bruk. De nye reglene går ut på at verk og bruk fra 2019 skal defineres og takseres som andre næringseiendommer, og at adgangen til å skattlegge produksjonsutstyr og produksjonsinstallasjoner fjernes. Det vises til eiendomsskatteloven § 4 andre ledd vedørende disse endringene.

Som næringseiendommer skal de tidligere verk og bruk verdsettes til anleggets objektiviserte omsetningsverdi hvis det er mulig. Hvis det ikke er mulig å fastsette en omsetningsverdi, skal anlegget verdsettes til teknisk verdi. Vurderingen av hvilken verdsettelsesmetode som skal brukes, gjøres særskilt for den enkelte bygning. Disse reglene fremgår av eiendomsskatteloven § 8 A-2 første ledd.

De nye reglene er gitt virkning fra skatteåret 2019. Dette er bakgrunnen for at eiendommen nå blir omtaksert. Det må tas stilling til om den verdsettelsesmetoden som er benyttet på bygninger og grunn i gjeldende takst skal videreføres, og om det er medtatt produksjonsutstyr og -installasjoner i gjeldende takst.

Det er vedtatt en overgangsregel til eiendomsskatteloven § 4 som gir kommunene anledning til å videreføre beskatning av verdien av produksjonsutstyr og -installasjoner til og med 2024, men med en reduksjon i skattegrunnlaget på 1/7 hvert år. På bakgrunn av denne regelen vil også takstverdien av produksjonsutstyr og -installasjoner bli skilt ut og tallfestet i dette vedtaket.»

For oppdrettsanlegg – hovudpunkt:

Eigedomsskattegrunnlaget for flytande anlegg er skildra i § 4 3. ledd i eigedomsskattelova: Dei nye reglane inneber ingen endringar for omfanget eller verdsetjinga.

Dei landbaserte anlegga skal skattleggjast som næringseigedom.

Publisert av Heimesideredaksjonen. Sist endra 27.02.2019
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30