Søknad om utviding av settefiskproduksjon ved Femanger

Fusa kommune har motteke søknad frå Femangerlaks AS om utviding av settefiskproduksjonen på lokalitet 12112 Femangervågen. Utvidinga vil vera frå 1000 stk. settefisk til ein produksjon på 200 tonn settefisk. Ein ber om at eventuelle merknadar vert sendt til Fusa kommune innan høyringsfristen som er sett til 23.12. 2017. Ein skal nytta digitalt skjema for høyringsuttale som skal merkast med saksnr 17/1651.

Tiltaket fell inn under vedlegg II i forskrift om konsekvensutgreiingar for tiltak etter sektorlover (FOR 2014- 12-19-1758). Søknaden skal då handsamast etter § 3 i forskrifta. Såkalla vedlegg II-tiltak kan berre påleggast «supplerande utregreiingar» dersom det er venta at tiltaket vil få vesentlege verknader som ikkje alt er gjort greie for i søknaden.

Ifølgje Hordaland fylkeskommune si vurdering, gjev miljødokumentasjonen i søknaden eit godt nok grunnlag for å vurdera om tiltaket får vesentleg verknad for miljø og samfunn, jf. vedlegg III i forskrifta. Dersom involverte partar meiner tiltaket kan få vesentlige verknader, og desse verknadane ikkje alt er tilfredsstillande gjort greie for i søknaden, må dette meldast til Hordaland fylkeskommune innan 4 veker etter kunngjering.
 
Vi minner om at det er fagstyresmaktene for dei respektive kriteria i vedlegg III som skal vurdera om dei meiner tiltaket kan få vesentlige verknader innanfor sitt område og eventuelt melde dette inn til fylkeskommunen. Det skal konkretiserast kva forhold som bør utgreiast nærare.
 
Saksdokumenta ligg fysisk til offentleg ettersyn på Kommunetunet i Eikelandsosen og digitalt på heimesida til Fusa kommune. Høyringsfristen er sett til 23.12. 2017

Søknad frå Femangerlaks AS (PDF, 239 kB)
Oversendingsbrev frå Hordaland fylkeskommune (PDF, 989 kB)
Følgjeskriv med presiering (PDF, 98 kB)
Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 21.11.2017
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30